Bergseminaret
Bergseminaret med fullt namn «Det Kongelige Norske Bergseminarium» var Europas første institusjon for høgare utdanning i bergteknikk, skipa på Kongsberg 19. september 1757 etter kongeleg resolusjon av Fredrik V og i drift til 1814.

Bergseminaret fotografert av Anders Beer Wilse 4. august 1903.
Formålet var å styrke Danmark-Noregs bergverkskunnskap og å heve kompetansenivået ved Kongsberg Sølvverk. Fram til 1811 var Bergseminaret, ved sidan av Krigsskulen i Christiania, den einaste høgare utdanning i Noreg. Det var planar om at landets første universitet skulle leggjast til bergstaden Kongsberg.
Bygninga vart freda av Riksantikvaren i 2004.[1]
ReferansarEndra
- ↑ Regimentsgården er fredet frå Lågendalsposten 6. mai 2004 (vitja 20. mai 2014)
LitteraturEndra
- G. A. Blom: Fra Bergseminar til Teknisk Høyskole. Oslo 1957.
- R. Falck-Muus: Vårt bergtekniske undervisningsvesens historie. 1757-1932. Tidsskrift for Kjemi og Bergvesen 9. 1932.
BakgrunnsstoffEndra
- Nasjonalbiblioteket: Bergseminaret på Kongsberg: 1757 – 1814
- Bergseminaret i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren