Derartu Tulu (fødd 21. mars 1972) er ein etiopisk langdistanseløpar frå Bekoji i Oromiaregionen. Ho vann gullmedaljen på 10 000 meter både under OL 1992, OL 2000 og VM 2001, dessutan tok ho VM-sølv i 1995 og OL-bronse i 2004 på same distansen. Tulu sigra også i tre verdsmeisterskap i terrengløp.

Derartu Tulu

Statsborgarskap Etiopia
Fødd 21. mars 1972 (52 år)
Bekoji
Yrke maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar
Høgd 160 centimeter
Derartu Tulu på Commons

Aktiv endre

Tulu vekte merksemd fyrste gongen då ho i 1991 tok VM-sølv i terrengløp. Under friidretts-VM 1991 vart ho nummer åtte på 10 000 m. Året etter vann ho den same distansen under Sommar-OL 1992 i Barcelona, tre år etter fekk ho sølv på mila under VM 1995 i Göteborg. I 1995 vann ho elles det fyrste av tre VM-gull i terrengløp, dei hine kom i 1997 og 2000.

I 1997 deltok Tulu i Boston maraton og vart nummer fem. Under sommarleikane 2000 i Sydney vart ho olympisk meister på 10 000 meter på ny, og sette samstundes personleg rekord med tida 30.17,4. Ho stadfesta sitt ry som verdsleiande då ho i Edmonton i Canada vart verdsmeister 2001 på 10 000 meter. Den same sesongen sigra ho både i London maraton og i Tokyo maraton.

Under dei olympiske leikane 2004 i Aten måtte Tulu gje tapt mot kinesiske Xing Huina og si eiga kusine, Ejegayehu Dibaba, på 10 000 m og kom dermed på bronseplassen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre