Berlintrilogien

(Omdirigert frå Berlintriologien)

Berlintrilogien er ei rekkje album av David Bowie spelt inn i samarbeid med Brian Eno i 1970-åra. Dei tre albuma er Low, "Heroes" og Lodger.

Dei vart kalla Berlintrilogien fordi Bowie budde i Vest-Berlin då dei vart til, og i det minste delar av dei er spelte in der. Dei var òg påverka av ny musikk frå Tyskland som var populær på denne tida, mellom anna musikken til elektropop-pionerane Kraftwerk (som i songen «Trans-Europe Express» nemner «From station to station / back to Düsseldorf City / Meet Iggy Pop and David Bowie» som eit vink til arbeidet deira i Berlin. Albuma er eksperimentelle og rangert høgt blant dei beste albuma i Bowie-katalogen. Mellom anna var albuma med på å påverke New Wave, post-punk og industriell musikk.

Kor nøyaktig uttrykket «Berlintrilogien» er, er omdisuktert, sidan berre "Heroes" utelukkande vart spelt inn i Berlin, og ikkje noko av Lodger. Uttrykket har derimot vorte nytta av Bowie sjølv for å skildre albuma.

Brian Eno vert ofte feilaktig omtalt som produsent på albuma, fordi han bidrog i stor grad til trilogien, og fordi han er kjend som produsent for mange andre artistar. Sjølv om Eno speler på alle tre albuma, og var med å skreiv fleire av songane, er alle tre albuma i røynda produsert av Bowie og Tony Visconti. Sologitar på "Heroes" vart gjort av Robert Fripp, og på Lodger av Adrian Belew. Desse to gitaristane slo seg sidan saman og danna ei ny utgåva av King Crimson, som har vart sidan. Sidan dei begge hadde spelt med Bowie, førte dette til at King Crimson ofte spelte «'Heroes'» på turneen sin i 2000.

Kjelder endre