Bermudapetrell

fugleart

Bermudapetrell (Pterodroma cahow) er ein pelagisk sjøfugl i stormfuglfamilien, ein mellomstor petrell som hekkar utelukkande på Bermuda. Dette er nasjonalfuglen for Bermuda, og eit symbol på von for naturvern. Bermudapetrellen var trudd å vere utrydda i 330 år, og blei gjenoppdaginga som ein Lazarus-art, det vil seie ein art funnen igjen etter å ha vore vurdert som utdøydd i århundre. På Bermuda er han kjent som 'cahow', eit lydhermande namn avleidd frå det uhyggelege skriket som denne fuglen læt.

Bermudapetrell
Bermudapetrell
Bermudapetrell
Utbreiing og status
Status i verda: Utbreiinga av Bermudapetrell
Utbreiinga av Bermudapetrell
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Pterodroma
Art: Bermudapetrell P. cahow
Vitskapleg namn
Pterodroma cahow

Skildring

endre

Bermudapetrellen er ca. 38 centimeter i kroppslengd, oversida er gråbrun, undersida kvit. Nebbet er svart og beina rosa. Vengene er lange, med vengespenn på 89 cm.[1] Den mørke hetta går ned under auget og ein trekantspiss frå nakken ned mot halsen dannar ein ufullstendig brun krage. Langs den kvite undervengen har han ein smal, svart bakkant, vengespissane er òg svarte med eit smalt band i framkanten av vengen inn mot kroppssida.

Som andre medlemmer av stormfuglfamilien, lever bermudapetrellen ute på opent hav og i ein alder av fem år flyg han første gongen tilbake til fødeplassen for å hekke. Dei dannar livslange parsamband. Paret har eit kull i sesongen og hoa legg berre eit egg per kull, reproduksjonsraten er derfor låg. Opphavleg hekka denne arten rikeleg og spreidd over heile øygruppa Bermuda, i dag berre på holmar i Castle Harbour og på Nonsuch Island som er under tilsyn og tilrettelegging for hekking. Når dei ikkje hekkar trur ein dei beitar i Atlanteren, og følgjer nordover den varme delen av den vestlege kanten av Golfstraumen.[2]

Populasjonen vart nesten utsletta etter at engelske kolonistar innførte rotter, kattar og hundar på Bermuda, og ein trudde fuglane vart drivne til utrydding ca. 1620.

I 1951 vart 18 overlevande hekkande par funne på ein holme i Castle Harbour,[3] og eit program for vern og restaurering av hekkelokalitetar vart sette i verk.[4]

Arten har status som sterkt truga, og bestanden er estimert til 250 individ, minst 142 av dei kjønnsmodne (2005), og bestanden er aukande.[2]

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Dunn, Jon L.; Jonathan Alderfer (7. november 2006). National Geographic Field Guide to the Birds of North America, Fifth Edition. National Geographic Books. s. 89. ISBN 9780792253143. 
  2. 2,0 2,1 BirdLife International 2013
  3. Robert Cushman Murphy, Louis S. Mowbray, New Light on The Cahow, Pterodroma Cahow Arkivert 2013-07-22 ved Wayback Machine. Auk July 1951, Vol 68
  4. BirdLife International (2008) Bermuda Petrel is being conserved through translocation and provision of artificial nest-sites. Arkivert 2013-02-01 ved Wayback Machine. BirdLife State of the world's birds website. Henta 27. januar 2013