Pterodroma


Kvitbukpetrell, Pterodroma incerta Illustrasjon av J. G. Keulemans, Public domain
Kvitbukpetrell, Pterodroma incerta
Illustrasjon av J. G. Keulemans, Public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Pterodroma

Bonaparte , 1856

Vitskapleg namn
Pterodroma

Petrellane i den biologiske slekta Pterodroma er sjøfuglar i stormfuglfamilien, slekta inkluderer om lag 32 artar av mellomstore til store petrellar som beitar på overflata av sjøen.

Vestindiapetrell, Pterodroma hasitata
Foto: Richard Crossley/The Crossley ID Guide Eastern Birds

Pterodroma-petrellar skil seg frå lirer i den uryddige måten dei flyg på over havet med raske vengeslag, der lirer seglar meir elegant over bølgjene.

Storvengpetrell, Pterodroma macroptera
Foto: JJ Harrison

Desse fuglane har solide nebb som er tilpassa mjuke byttedyr tatt opp frå vassoverflata, dei har vridde tarmar for å fordøye marine dyr med uvanlege biokjemikaliar. Artane er vanskelege å skilje, mange har mørk overside med lysare underside, kort hale og lange venger.

Pterodroma-petrellar hekkar i koloniar på øyar og lever pelagiske utanom hekkesesongen. Kvart kull er på eitt kvitt egg som dei legg i ei hòle på bakken. Dei er nattlege fuglar.

ArtslisteEndra

Pterodroma i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Storvengpetrell, Pterodroma macroptera, Great-winged Petrel, Smith, A, 1840, (LC)
  • Gråmaskepetrell, Pterodroma gouldi, Gray-faced Petrel, Hutton, FW, 1869, (LC)
  • Kermadecpetrell, Pterodroma neglecta, Kermadec Petrel, Schlegel, 1863, (LC)
  • Magentapetrell, Pterodroma magentae, Magenta Petrel, Giglioli & Salvadori, 1868, (CR)
  • Trindadepetrell, Pterodroma arminjoniana, Trindade Petrel, Giglioli & Salvadori, 1868, (VU)
  • Heroldpetrell, Pterodroma heraldica, Herald Petrel, Salvin, 1888, (LC)
  • Tuamotupetrell, Pterodroma ultima, Murphy's Petrel, Murphy, 1949, (NT)
  • Lordhowepetrell, Pterodroma solandri, Providence Petrel, Gould, 1844, (VU)
  • Hendersonpetrell, Pterodroma atrata, Henderson Petrel, Mathews, 1912, (EN)
  • Madeirapetrell, Pterodroma madeira, Zino's Petrel, Mathews, 1934, (EN)
  • Kappverdepetrell, Pterodroma feae, Fea's Petrel, Salvadori, 1900, (NT)
  • Silkepetrell, Pterodroma mollis, Soft-plumaged Petrel, Gould, 1844, (LC)
  • Rodriguespetrell, Pterodroma baraui, Barau's Petrel, Jouanin, 1964, (EN)
  • Kvithovudpetrell, Pterodroma lessonii, White-headed Petrel, Garnot, 1826, (LC)
  • Gråbukpetrell, Pterodroma inexpectata, Mottled Petrel, Forster, 1844, (NT)
  • Bermudapetrell, Pterodroma cahow, Bermuda Petrel, Nichols & Mowbray, 1916, (EN)
  • Vestindiapetrell, Pterodroma hasitata, Black-capped Petrel, Kuhl, 1820, (EN)
  • Juanfernandezpetrell, Pterodroma externa, Juan Fernandez Petrel, Salvin, 1875, (VU)
  • Kvitbukpetrell, Pterodroma incerta, Atlantic Petrel, Schlegel, 1863, (EN)
  • Galapagospetrell, Pterodroma phaeopygia, Galapagos Petrel, Salvin, 1876, (CR)
  • Hawaiipetrell, Pterodroma sandwichensis, Hawaiian Petrel, Ridgway, 1884, (VU)
  • Macauleypetrell, Pterodroma cervicalis, White-necked Petrel, Salvin, 1891, (VU)
  • Boninpetrell, Pterodroma hypoleuca, Bonin Petrel, Salvin, 1888, (LC)
  • Gråkragepetrell, Pterodroma nigripennis, Black-winged Petrel, Rothschild, 1893, (LC)
  • Chathampetrell, Pterodroma axillaris, Chatham Petrel, Salvin, 1893, (VU)
  • Flaggermuspetrell, Pterodroma cookii, Cook's Petrel, Gray, 1843, (VU)
  • Masatierrapetrell, Pterodroma defilippiana, Masatierra Petrel, Giglioli & Salvadori, 1868, (VU)
  • Sotkragepetrell, Pterodroma leucoptera, Gould's Petrel, Gould, 1844, (VU)
  • Halsbandpetrell, Pterodroma brevipes, Collared Petrel, Peale, 1849, (VU)
  • Sotnakkepetrell, Pterodroma longirostris, Stejneger's Petrel, Stejneger, 1893, (VU)
  • Maoripetrell, Pterodroma pycrofti, Pycroft's Petrel, Falla, 1933, (VU)
  • Phoenixpetrell, Pterodroma alba, Phoenix Petrel, Gmelin, 1789, (EN)
  • Vanuatupetrell, Pterodroma occulta, Vanuatu PetrelImber & Tennyson, 2001[3]

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  3. Nokre artstakson er ikkje anerkjente artar hos BirdLife International, dei er derfor ikkje plasserte inn i ein raudlistekategori. (NR - Not recognized)

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pterodroma