Bernhard Hanssen
Cornelius Bernhard Hanssen (25. februar 1864–16. april 1939) var ein skipsreiar, lærar, redaktør og politikar frå Feda i Kvinesdal.
Bernhard Hanssen | |
Fødd | 25. februar 1864 |
---|---|
Død | 16. april 1939 (75 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre, Frisindede Venstre |
Yrke | politikar, redaktør, fredsaktivist |
Alle verv |
|
Far til Hanssen var gardbrukar. Sjølv var han fyrst handelsbetjent, tok deretter lærarskuleeksamen 1881 i Flekkefjord og vart seminarist i Kristiansand. Han var lærar i åtte år. I 1891 kjøpte han avisa Agder, som han redigerte til 1898. Sidan var han skipsreiar og dampskipsdisponent.
I 1894 var Hanssen med og stifta Norges fredsforening, seinare formann i foreininga. Han var medlem av det nordiske interparlamentariske råd, av delegasjonen til fredsmøtet i Paris 1904 og av Londonkonferansen i 1906. Utsending til ein konferanse i St. Louis i 1904. Hanssen var medlem av Nobelkomiteen frå 1913 til han døydde. Han var nestleiar frå oktober 1922.
Hanssen var stortingsrepresentant for Flekkefjord i periodane 1900-15 og 1919-21. Han var medlem av protokollkomiteen 1900-03, sekretær i budsjettkomiteen 1903-06, medlem av Lagtinget 1906-15. Han var medlem 1906-07, sekretær 1908-09 og formann 1910-15 i næringskomite nr 2.
Hanssen var ordførar i Flekkefjord i 1933 og 1936-37.
Kjelder Endra
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914