Bernhard Russi (fødd 20. august 1948) frå Andermatt i kantonen Uri er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Han vart verdsmeister i utfor i 1970, olympisk meister i same 1972 og tok OL-sølv i 1976, også det i utfor.

Bernhard Russi


Statsborgarskap Sveits
Fødd 20. august 1948 (75 år)
Andermatt
Idrett alpint
Tok del i

alpine skiing at the 1972 Winter Olympics – men's downhill, alpine skiing at the 1976 Winter Olympics – men's downhill

Utmerkingar

Årets idrettsutøvar i Sveits, Skieur d’Or, Étoile d'Or

Aktiv

endre

Russi debuterte i verdscupen i alpint i 1968. Han slo gjennom vinteren 1970 med ein fjerdeplass i utforrennet i Garmisch-Partenkirchen. Eit par veker seinare, 15. februar 1970, vann han utfortevlinga i VM i alpint 1970 i Gherdëina, 22 hundredels sekund føre austerrikaren Karl Cordin. To år etterpå vann han gullmedaljen i same øvinga under vinter-OL 1972 i Sapporo. Landsmannen Roland Collombin sørgde for sveitsisk dobbelsiger.

Fire år seinare, under vinter-OL 1976 i Innsbruck, vann Russi sølvmedaljen, austerrikaren Franz Klammer vart gullvinnar. I mellomtida vart Russi nr 13 i utfor under verdsmeisterskapen i alpint 1974, og etterpå vart han nummer 14 i utfortevlinga under VM i alpint 1978.

Russi vann utforcupen i verdscupen i alpint i sesongane 1971 og 1972. Desse to sesongane, saman med 1977-sesongen, kom han på femteplass i verdscupen samanlagt. Til saman vann Russi ti verdscuprenn og kom på pallen 28 gongar. Alle pallplasseringane, bortsett frå ein siger i storslalåm i 1971, kom etter utforrenn.

Russi la opp i 1978.

Bakgrunnsstoff

endre