Berry Head er eit nes i sørenden av Torbay, søraust for Brixham i Devon i England.

Berry Head

I klippene her finst ein sjøfuglkoloni med teist, alke og krykkje. Fleire sjeldne trekkfuglar er observert her òg, som jaktfalk i 1986. Fleire sjeldne planter finst her òg. Som følgje av dette er området eit naturreservat.

To festningar vart bygd på neset rundt år 1800. Desse vart bygd på fundamenta til eit langt eldre åsfort frå jernalderen.

Ytst på Berry Head står eit fyr frå 1906. Lyset er synleg 36 km unna og gjev doble blink kvart 15. sekund.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

50°23′56″N 3°29′20″W / 50.39889°N 3.48889°W / 50.39889; -3.48889