Krykkje
Krykkje | |
![]() Krykkje | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: ![]() Utbreiinga av Krykkje | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Måsar Laridae |
Slekt: | Rissa |
Art: | Krykkje R. tridactyla |
Vitskapleg namn | |
Rissa tridactyla |
Krykkje (Rissa tridactyla) er ein fugl i måsefamilien. Krykkje vert ogso kalla for tretåmåse. Arten er rekna som sårbar i Noreg, og har vore freda sidan 2007.[1]
KjenneteiknEndra
Dei vaksne fuglane har grå overside, medan resten av kroppen er kvit. Beina er svarte, med symjeføter, men vantar baktå. Dei har svarte vengjespissar. Kjønna er like. Ungfugl har ei gråspragla fjørdrakt, men dei karakteristiske svarte vingespissane er der. Krykkja er om lag jamstor med fiskemåsen, 350 gram og 40 cm lang.
UtbreiingEndra
Krykkja finst frå Rogaland og nord til grensa mot Russland. Ho er knytt til sjøen og er eit sjeldan syn i innlandet.
ÅtferdEndra
Fuglen hekkar i koloniar i bratte fjellveggar (fuglefjell), ofte saman med alker og anna sjøfugl. Utanfor hekketida held krykkja seg berre til havs, der ho livnærer seg på små marine dyr og fisk.
GalleriEndra
Krykkje på fugleøya Runde
KjelderEndra
- ↑ Forbud mot jakt på krykkje og hettemåke i jeger.no