Alke
Alke | |
![]() Alke | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: ![]() ![]() Utbreiinga av alke | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Charadriiformes |
Familie: | Alkefamilien Alcidae |
Slekt: | Alca |
Art: | Alke A. torda |
Vitskapleg namn | |
Alca torda |
Alke (Alca torda) er ein sjøfugl i alkefamilien. Fuglen har svart og kvit fjørdrakt. Nebbet, hovudet, vengene og ryggen er svart.
UtbreiingEndra
Fuglen hekkar spreidd langs vestkysten av Nord-Atlanteren sør til Maine, på Grønland, Island, Jan Mayen og Bjørnøya. Langs austkysten av Atlanterhavet hekkar alke frå det nordlege Frankrike i sør og nordaustover til Kolahalvøya. I Noreg hekkar fuglen i fuglefjella frå Møre og nordover.
LevemåteEndra
Alke legg egg rett på bakken. Fuglen legg eitt egg og rugar det i 35 dagar. Arten har likevel to rugeflekkar. Ungane har kraftig dundrakt. Dei er velutvikla når dei vert klekte. Han vert mata med småfisk som foreldra ber på tvers i nebbet. Fuglane hekkar ikkje før dei er fleire år gamle.
TrekktilhøveEndra
Etter hekketida dreg alkene langt vekk frå koloniane. Norskhekkande alker ser ut til å halde seg sør på Vestlandet om vinteren, og i Skagerrak og Nordsjøen, men somme vintrar er store flokkar observert i fjordar i Nord-Noreg.
BakgrunnsstoffEndra
- Norsk ornitologisk forening om alke
- Norsk Fugleatlas, 1994.