Jaktfalk

fugleart
Jaktfalk
Jaktfalk
Jaktfalk
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Falkefuglar Falconiformes
Familie: Falkefamilien Falconidae
Slekt: Falco
Art: Jaktfalk F. rusticolus
Vitskapleg namn
Falco rusticolus

Jaktfalk (Falco rusticolus) er den største av falkeartane. Han hekkar sirkumpolart ved arktiske kystar, på tundra, og øyane i Nord-Amerika og den eurosibiriske regionen. Dette er i hovudsak leveområdet gjennom alle årstider, men nokre jaktfalkar spreier seg breiare etter hekkesesongen, eller om vinteren. Individuelle trekk kan ta fuglar over lange avstandar. Fjørdrakta varierer geografisk, og fuglane er farga frå heilt kvite til mørkebrune. Desse fargevariasjonane kallast morfar. Som andre falkar syner han kjønnsdimorfisme, der hoa er mykje større enn hannen. Jaktfalken har i hundreår vore dressert av menneske til falkejakt. Typiske byttedyr inkluderer ryper og vassfuglar, som han kan fange i flukta; han kan òg ta pattedyr.

EtymologiEndra

Jaktfalken vart formelt skildra av Carl von Linné i 1758 i den tiande utgåva av Systema naturae og fekk det noverande vitskaplege namnet Falco rusticolus.[2] Slektsnamnet er den latinske nemninga for ein falk, Falco, frå falx ein sigd, som refererer til forma på klørne til falken. Artsleddet er frå det latinske rusticolus, ein landsbygdbuar, frå rus, «land» og colere, «å bu».[3]

SkildringEndra

Jaktfalken er stor som ein musvåk, ofte litt større og tyngre. Hannane er 48 til 61 centimeter lange, veg 770 til 1450 gram. Hoene er tyngre og større, 51 til 65 cm lange, og 1180 til 2100 gram i kroppsmasse. Vengespennet ligg i området 105 til 135 centimeter, størst for hoer. Jaktfalken er større, har breiare venger med rundare vengespissar og lengre hale enn vandrefalken, som han er kjend for å konkurrere med. Han skil seg frå musvåken i generell struktur, til dømes i vengeforma.[4]

Jaktfalken har sterkt varierande fjørdrakt med fargevariantar i eit spektrum frå nær kvit til veldig mørk. Dei er nokon gonger skildra som tre generaliserte hovudtypar: kvit, mørk, og grå eller mellomform.[4] Den mørke forma til jaktfalken skil seg frå vandrefalken ved kremstriper på nakken og krona og ved fråværet av ein veldefinert mustasjestripe og hette. Dei mørkaste variantane har ei sterkt svartflekka underside, snarare enn fint tverrstripa som hos vandrefalken. Dei mørkaste fuglane kan òg syne ei utydeleg mustasjestripe, ikkje så markant som hos andre falkeartar. Kvite jaktfalkar er dei einaste stort sett kvite falkar. Grå variantar liknar den mindre slagfalken, Falco biarmicus. Arten viser ingen kjønnsbaserte ulikskapar i farge; men ungfuglar er generelt mørkare og brunare enn vaksne.

Geografisk variasjonEndra

Ein har funne berre små genetiske variasjonar i utbreiingsområdet. Unntaket er falkar på Grønland og Island som synast å vere distinkte, men ikkje den grad at dei er godtatte som underart.[4]

Der er eit delvis samsvar mellom farge og geografisk utbreiing. Jaktfalkar på nordlege Grønland og kanadiske arktiske øyar har stort innslag av kvite individ. Andre populasjonar har varierande mengder av dei mørkare formene: dei islandske fuglane har ein tendens til å bli lys grå, medan populasjonane i Noreg er monaleg mørkare og inneheld vanlegvis få kvite fuglar. Frå Fennoskandia og austover er mengda av lysare variantar aukande gjennom Sibir til Kamtsjatka der ca. 50 % av fuglane er kvite. Dei mørkaste fuglane i Amerika finst hovudsakleg i søraustre Canada og på sørlegaste Grønland.

Naturleg separasjon i regionale underarter har blitt hindra av vanen til jaktfalkane med å flyge lange avstandar medan dei utvekslar allel mellom underpopulasjonar; såleis dannar allelspreiingane for fargepolymorfismen økoklinar. I mørkare fuglar av ukjent opphav kan teoretisk ein kva som helst allelkombinasjon vere til stades. Til dømes har eit par jaktfalkar dokumentert å ha produsert eit kull på fire ungar med ein kvit, ein grå, ein brun og ein svart variant.[treng kjelde]

ØkologiEndra

Jaktfalken vart opphavleg trudd å vere ein fugl med biotop avgrensa av tundra og fjellområde, i juni 2011 vart det likevel funne falkar gjennom periodar om vinteren på havisen langt frå land.[5] Han lever berre av fuglar og pattedyr, sistnemnde tar han meir regelmessig enn mange andre Falco-artar. Som andre av dei største falkeartane, jakter han vanlegvis i ei horisontal forfølging, i staden for raske stup frå høgda som vandrefalken gjer. Dei fleste byttedyr blir drepne på bakken, enten dei blir fanga der, eller om offeret er ein flygande fugl, tvinga til bakken. Dietten er til ei viss grad opportunistisk, men ein majoritet jaktar ryper og sjøfuglar. Det vanlege norske lokalnamnet rypefalk viser til det mest vanlege byttedyret for denne falkearten,[6] mellom 50 og 95 % av biomasse føde er ryper.[4]

Andre fuglar som byttedyr kan variere i storleik frå sisikar til gjæser og kan inkludere måsar, kråkefuglar inkludert ramn, mindre sporvefuglar, vadefuglar, alkefuglar og andre rovfuglar, til dømes fjellvåk og andre falkeartar. Dietten av pattedyr kan variere i storleik frå spissmus til murmeldyr, 10 gram til 4,5 kilogram, og inkluderer ofte lemen og andre smågnagarar, jordekorn og harar. Dei er sjeldan observerte i å ete på åtsel.

Trugsmål frå klimaendringarEndra

Då klimaendringane byrja å temperere dei arktiske somrane på byrjinga av 2000-talet, utvida vandrefalkane utbreiingsområdet sitt nordover og invaderte tradisjonelle område for jaktfalkar. Sjølv om jaktfalken er spesielt tilpassa høgarktisk liv, og større enn vandrefalk, er jaktfalken mindre aggressiv og meir konfliktsky, og han er ikkje i stand til å konkurrere med vandrefalken som regelmessig åttakar og overveldar jaktfalkar.[7]

Hekking og statusEndra

Jaktfalken hekkar nesten alltid i fjellveggar. Hekkande par bygger ikkje eigne reir, men bruker ofte ei naken klippehylle eller det forlatne reiret til andre fuglar, spesielt til kongeørn og ramn. Kullet kan variere frå 1 til 5 egg, men er vanlegvis 2 til 4. Rugetida er i gjennomsnitt 35 dagar. Ungane blir vanlegvis varma i 10 til 15 dagar og forlèt reiret etter totalt 7 til 8 veker. Ved 3 til 4-månadersalderen blir ungane uavhengige av foreldra, sjølv om dei kan omgåast søskena sine gjennom den følgjande vinteren.

Jaktfalken sin einaste naturlege predator er kongeørn, og sjølv dei engasjerer seg sjeldan med desse formidable jaktfalkane. Jaktfalken har vorte registrert som aggressivt trakasserande mot dei som nærmar seg reira deira, men ramnar er dei einaste som er kjente for å lykkast med å plukke falkeegg og nyklekte ungar. Til og med brunbjørn er truleg vorte dukkbomba. Menneske, enten det er ved eit uhell som bilkollisjonar eller forgifting av åtsel lagt ut for å drepe pattedyr, eller med vilje gjennom jakt, er den viktigaste dødsårsaka for jalkfalkar. Jaktfalkar som overlever til vaksen alder kan leve opp til 20 år.

Sidan F. rusticolus har eit så vidt utbreiingsområde, kategoriserer IUCN han som ein globalt livskraftig art.[8] Han er ikkje mykje påverka av øydelegging av habitat, men forureining, til dømes frå plantevernmiddel, som reduserte bestanden på midten av 1900-talet, og fram til 1994 vart han sett på som nær truga. Forbetra miljøstandardar i utvikla land har gjort det mogleg for fuglane å gjere eit comeback.[8] Jaktfalken er plassert på den norske raudlista 2021 i kategorien sårbar fordi populasjonen er estimert til å ligge under 1000 individ i landet.[9] Sverige og Finland har langt mindre bestandar, i Finland er arten kategorisert som kritisk truga.

Interaksjon med menneskeEndra

Jaktfalken har lenge hatt tilhøve til menneske, først og fremst utnytta i jakt, falkoneri. Han har status som den offisielle fuglen i Nordvestterritoria i Canada. Den kvite falken i toppen av våpenskjoldet til den islandske republikken er ein fargevariasjon av jaktfalk.

I mellomalderen vart jaktfalken verdsett som ein kongeleg fugl. Geografen og historikaren Ibn Sa'id al-Maghribi (d. 1286) skildra visse nordlege Atlanterhavsøyar vest for Irland der desse falkane skulle bli henta frå, og korleis den egyptiske sultanen gav 1000 dinarar for kvar levande jaktfalk.[10] På grunn av at tilgangen var så avgrensa, var jaktfalken i europeisk falkejakt øyremerkt dei øvste sosiale sjikta i samfunnet.

I Kina på 1100-talet e.Kr. vart svanejakt med jaktfalkar (海東青 hǎidōngqīng på kinesisk), som var leverte av jursjenarane, moterette blant khitan-adelen. Då etterspurnaden etter jaktfalkar oversteig tilbodet, sette liao-keisaren i verk ein skatt blant jursjenarane i form av jaktfalkar. Under den siste liao-keisaren hadde skatteinndrivarane rett til å bruke makt for å skaffe nok jaktfalkar.[treng kjelde]

Dei fleste historikarar er samde om at det ukrainske riksvåpenet, mellomaldersymbolet, ikkje var meint å skildre våpenet trefork, men mest sannsynleg ein stilisert falk. Skildringar av ein flygande falk med eit kors over hovudet er funne i Staraja Ladoga, det første setet til Rurikdynastiet i Kyiv, av skandinavisk opphav.[11] I hundreår har falkejakt vore ein kongeleg sport i Europa. Også kjent som den norske falken, vart han verdsett som ein kongeleg fugl og er nemnt (ukrainsk кречет) i eit av dei tidlegaste eposa frå området Rutenia, i Igorkvadet frå 1100-talet.

KjelderEndra

Referansar
  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark jaktfalk Falco rusticolus Linnaeus, 1758 Henta 4. desember 2010
  2. Linnaeus, C. (1758). Systema Naturæ per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis, Volume 1 (på latin) v.1 (10th utg.). Holmiae:Laurentii Salvii. s. 88. 
  3. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 266, 344. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Booms, T. L., T. J. Cade, and N. J. Clum (2020). Gyrfalcon (Falco rusticolus), version 1.0. In Birds of the World (S. M. Billerman, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.gyrfal.01
  5. Burnham, Kurt K.; Newton, Ian (2011). «Seasonal movements of jaktfalkar Falco rusticolus include extensive periods at sea». Ibis 153 (3): 468. doi:10.1111/j.1474-919X.2011.01141.x. 
  6. Vik, Rolf (1982). Fuglene i farger. Oslo: Aschehoug. s. 170. ISBN 8203106471. 
  7. Meyer, Robinson (24. juli 2017). «The Battle Over 2,500-Year-Old Shelters Made of Poop». The Atlantic. Henta 13. mai 2022. 
  8. 8,0 8,1 BirdLife International. 2021. Falco rusticolus. The IUCN Red List of Threatened Species 2021: e.T22696500A206261845. https://dx.doi.org/10.2305/IUCN.UK.2021-3.RLTS.T22696500A206261845.en. Henta 15. mai 2022
  9. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av jaktfalk Falco rusticolus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 4 desember 2021
  10. Ibn Sa'id al-Maghribi. «Geographia». sh.rewayat2.com (på arabisk). Arkivert frå originalen 2 March 2012. Henta Henta 15. mai 2022. 
  11. «Rurik (Norse leader)». Britannica.com. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Jaktfalk