Bertram Dybwad Brochmann
Bertram Dybwad Brochmann (1. januar 1881–15. januar 1956) var ein norsk forfattar, redaktør, politikar og samfunnskritikar.
Bertram Dybwad Brochmann | |||
| |||
Fødd | 1. januar 1881 Grue kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 15. januar 1956 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Samfundspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Far | Jørgen Henrik Hegermann Brochmann | ||
Alle verv |
|
Bertram D. Brochmann vart fødd i Grue i Solør, som son til Sophie Wilhelmine Dybwad og sokneprest Jørgen Henrik Hegermann Brochmann. Han var utdanna gartnar, og arbeidde mellom anna som disponent for forskjellige bedriftar.
Brochmann interesserte seg tidleg for samfunnsspørsmål, spesielt tilhøvet mellom individ og samfunn. Han gjekk til åtak på den tankegodset i tradisjonell sosialøkonomi, og utvikla ein teori om eit nytt samfunnssystem tufta på sosialpsykologiske og holistiske tilnærmingsodellar. Han var ein aktiv folketalar, og han presenterte dei sosiologiske og samfunnsøkonomiske teoriane sine i ei rad bøker og pamflettar.
1929 grunnla Brochmann «Det Frie Samfunds Forlag» og 1931 avisa Samfundsliv. 1933 grunnla Brochmann Samfundspartiet, og ved Stortingsvalet 1933 kom han inn på Stortinget som den einaste representanten frå partiet.
Samfundspartiet røysta, som det einaste partiet på Stortinget, mot lova som heimla sterilisering av tatarar og andre «uønskte grupper» i samfunnet. Brochmann advarte i talar i Danmark og Noreg mot nazismen som voks fram i Tyskland. Likevel gjekk Brochmann offentleg ut til fordel for Tyskland og nasjonalsosialismen sommaren 1940. I ein tale i NRK støtta han kampen tyskarane sin kamp for å gjennomføre den nasjonalsosialistiske verdsrevolusjonen. Brochmann utdypa dette synspunktet i fleire foredrag og i boka Den 9de april Norge og verdensrevolusjonen, som utkom hausten 1940. I dei 4 siste okkupasjonsåra heldt Brochmann ein lågare profil. Han gjekk aldri inn i Nasjonal Samling. Under rettsoppgjeret vart han dømd til fengsel i 3 år og 6 månader. Brochmanns opptreden skuffa partifellar over heile landet, og etter krigen var Samfundspartiet kompromittert, slik at partiet ikkje kom til å spille nokon politisk rolle etter 1945.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- "Kunsten å lese Bibelen" Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.(rekna som B.D.Brochmann sitt hovudverk)
- Biografisk informasjon om Bertram Dybwad Brochmann NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv