Opna hovudmenyen

Liv og virkeEndra

Saman med Alfred North Whitehead publiserte han Principia Mathematica, eit av 1900-talets viktigaste verk om matematikken sitt logiske grunnlag. Russell blir rekna som grunnleggaren av den analytiske filosofien. Som ein verdskjend freds- og nedrustingsaktivist blei han ei leiestjerne for pasifismen, men sjølv var han ingen strikt pasifist. Bertrand Russell underviste blant anna ved Trinity College i University of Cambridge, London School of Economics, Harvard University og Pekinguniversitetet.

Han skreiv ei rad verk om filosofiske, matematiske og samfunnsmessige tema, og i 1950 gav Svenska akademien han nobelprisen i litteratur «for å heidre han for sine varierte og viktige skrifter der han kjempar for humanitære ideal og tankefridom.»[1][2]

Livsgjerninga til Bertrand Russell kan delast opp i tre hovudtema han konsentrerte seg om i ulike fasar av livet sitt –  trass i fleire overlappingar. Den første halvdelen av livet arbeidde han hovudsakleg på grunnlaget for matematikken. Etter at Principia Mathematica var ferdig, vendte han seg meir mot filosofiske spørsmål, og på slutten av livet spelte det politiske engasjementet hovudrolla.

LitteraturEndra

  • Ernst R. Sandvoss: Bertrand Russell. Reinbek bei Hamburg : Rowohlt, 1991. ISBN 3-499-50282-8
  • Denis Vernant: Quine & Russell. I : W. V. Quine et la méthode de l’analyse. J.-M. Monnoyer éd., Paris 2006 (Éd. de l’Éclat), s. 89–158
  • Denis Vernant: Bertrand Russell. Garnier-Flammarion, Paris 2003, 470 sider, ISBN 2-08-071192-X.
  • Kenneth Blackwell, Harry Ruja: A Bibliography of Bertrand Russell. Routledge, London 1994
  • Ray Monk: Bertrand Russell: 1872–1920 The Spirit of Solitude. Vintage, London, 1996 - 1997, ISBN 0-09-973131-2
  • Ray Monk: Bertrand Russell: 1921–1970 The Ghost of Madness. Vintage, London, 2001, ISBN 0-09-927275-X
  • Achim von Borries: Rebell wider den Krieg – Bertrand Russell 1914 – 1918. Verlag Graswurzelrevolution, Nettersheim 2006, ISBN 978-3-939045-01-4
  • Apostolos Doxiadis, Christos H. Papadimitriou, Alecos Papadatos, Annie Di Donna: Logicomix: An Epic Search for Truth. Bloomsbury, New York, 2009, ISBN 978-1-59691-452-0

ReferansarEndra

  1. "in recognition of his varied and significant writings in which he champions humanitarian ideals and freedom of thought"
  2. Nobeltildelinga 1950 på nobelprize.org

BakgrunnsstoffEndra

  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Bertrand Russell