Betula glandulosa
Betula glandulosa er ein art frå bjørkeslekta som stammar frå Nord-Amerika. Han er kjend på engelsk som American dwarf birch, resin birch og shrub birch.
Betula glandulosa | |
Betula glandulosa | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Bøkeordenen Fagales |
Familie: | Bjørkefamilien Betulaceae |
Underfamilie: | Betuloideae |
Slekt: | Bjørk Betula |
Art: | B. glandulosa |
Vitskapleg namn | |
Betula glandulosa |
Treet veks som ein busk med fleire stammar. Det når typisk høgder på 1–3 meter, og dannar ofte tette kratt. Stammane er slanke, sjeldan over 5–10 cm i diameter, med glatt, mørkebrun bork. Lauvet er nesten sirkelrundt eller ovalt, 0,5–3 cm langt og 1-2,5 cm breitt, med taggete kantar. Fruktene er opprette, 1-2,5 cm lange og 5–12 mm breie.
B. glandulosa er nært i slekt med dvergbjørk (Betula nana), og blir av og til rekna som ein underart av denne, som B. nana subsp. glandulosa. Planten skil seg frå typiske B. nana gjennom kjertelvorter på skota og lengre bladstilkar. Han kan danna hybridar med fleire andre bjørkeartar.[1]
Utbreiing og habitat
endrePlanten veks i arktiske og kjølige tempererte område frå Alaska austover til Newfoundland og sørlege Grønland, i høgtliggande område i Nord-California, Colorado og Black Hills i Sør-Dakota i vest,[2] og spreidd sør til nordlege New York stat i aust. I Arktis finst han ned til havnivå, medan han sør i utbreiingsområdet veks så høgt som 3 400 meter (11 200 ft) over havet.
Planten trivst i fuktige område som myr, muskeg og andre vætehaldige og næringsfattige jordsmonn. Ein kan også finna han på ei rekkje andre vekststader, frå steinete subarktiske område til boreale skogar med djupe jordsmonn med mykje organisk innhald.[1] Treet er den vanlegaste buskveksten i det indre Alaska, der det dannar ei nær uavbroten sone mellom trelinja og den alpine tundraen.[1]
Økologi
endreDet finst mange artar som nyttar denne arten som næringskjelde, særleg hovdyr som hjort, rein og elg.[1] Bruke av han som matkjelde varierer avhengig av den spesifikke populasjonen. Elg i Alberta er til dømes kjend for å beita mykje på han, medan elg i Alaska er observert å eta han i lågare grad.[1] Bjørnar, små pattedyr, fuglar og insekt nyttar også busken som matkjelde.[1]
Dvergbjørka gjev skjul for ryper, og grizzlybjørn bruker ho mykje til å byggja hia sine.[1]
Arten kan også vera viktig for å kontrollera erosjon, og er blitt brukt til å stabilisera breiddene til vassfar.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Betula glandulosa» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Flora of North America: Betula glandulosa, RangeMap
- Hunt, D. (1993). Betula. Proceedings of the IDS Betula Symposium 2–4 October 1992. International Dendrology Society.
Bakgrunnsstoff
endre- USDA Plants Profile for Betula glandulosa (resin birch)
- Calflora Database: Betula glandulosa (Resin birch)
- (no) Betula glandulosa hos Artsdatabanken
- (en) Betula glandulosa i Encyclopedia of Life
- (en) Betula glandulosa i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Betula glandulosa hos ITIS
- (en) Betula glandulosa hos NCBI
- (en) Betula glandulosa hos The International Plant Names Index
- (en) Betula glandulosa hos Tropicos
- (en) Kategori:Betula glandulosa – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Betula glandulosa – detaljert informasjon på Wikispecies