Muskeg (ojibwe mashkiig, cree maskīk, fransk fondrière de mousse, bokstaveleg ‘mosemyr’) er eit torvdannande økosystem som finst i fleire nordlege klima, særleg i arktiske og boreale område. Muskeg er eit vanleg omgrep i Vest-Canada og Alaska, og er omtrent synonymt med myr eller torvmyr. Ordet er av creeopphav, maskek (ᒪᐢᑫᐠ), som tyder ‘lågtliggande myr’.[1]

Poppeltre på muskeg

Muskeg består av daudt organisk materiale i ulike stadium av nedbryting (som torv), frå nokså intakt mose, til storrtorv til sterkt nedbroten humus. Trebitar kan utgjera fem til femten prosent av jorda i myra. Grunnvasspegelen er ofte nær overflata. Torvmosen som dannar muskegen kan ofte halda på femten til tretti gonger si eiga vekt i vatn, noko som gjer at den svampete, våte muskegen også kan dannast på skrånande underlag.

Muskegområdet er gode habitat for beverar, kjøtetande plantar, skivesopp og mange andre organismar.

Samansetnad endre

Muskeg blir danna fordi permafrost, leire eller berggrunn hindrar drenering. Vatn frå regn og snø samlar seg og dannar permanent vassmetta vegetasjon og stilleståande vatn. Muskeg er våt, sur og relativt ufruktbar, noko som hindrar store tre i å veksa der, men ein kan finna forkrøpla vrifuru, poppel (Populus section Aigeiros), nokre vierartar og svartgran i desse habitata.[2] Rike nedbørsmengder og kjølig somrar er nødvendige for at landskapstypen skal utvikla seg. Ein død plante som fell på tørr jord blir vanlegvis angripen av sopp og bakteriar, og rotnar raskt. Om same plante fell i vatn eller vasmetta jord, vil rotninga vera forskjellig. Mindre oksygen er tilgjengeleg under vatn, så aerobiske bakteriar og soppar kan ikkje kolonisera det nedsøkkte plantematerialet like effektivt. I tillegg held kjølige temperaturar veksten deira tilbake. Dette held tilbake rotningsprosessen, og plantematerialet hopar seg gradvis opp til å danna torv og etterkvart muskeg. Avhengig av topografien til landet under kan muskeg nå djupner på over 30 meter (100 ft).

Transport på muskeg endre

 
Tungt anleggsutstyr som har sokke ned gjennom tinande muskeg i Wabasca oljefelt i Alberta.

Muskeg kan vera eit betydeleg hinder for transportation. På 1870-talet skal muskeg i Nord-Ontario ha slukt eit lokomotiv då ein la jernbanespor på muskeg i staden for å gå ned til berggrunnen.[3]

Det finst fleire andre døme på at tungt anleggsutstyr forsvinn i muskegen om våren når den frosne myra toner under det. Ved konstruksjonsarbeid i muskeg-område kan det av og til vera nødvendig å fjerna jorda heilt og fylla att med grus. Om ein ikkje fjerner muskegdekket heilt ned til berget kan det høge vassinhaldet føra til forvrenging av jorda frå vinterfrysing, omtrent som med permafrost.

Ein metode ein kan bruka til å arbeida oppå muskeg er å plassera store stokkar på bakken, dekt med eit tjukkare lag leire eller eit anna stabilt materiale. Dette er kjent som ein kavleveg. For å auka effektiviteten til vegen, hindra erosjon og gjera fjerning av materiale lettare med mindre forstyrring av muskegen kan ein også nytta eit geotekstilstoff før ein plasserer stokkene. Elles er det vanleg å laga mellombelse isvegar på muskeg om vinteren ved å rydda den isolerande snøen og la muskegen frysa. Dette er billegare å bygga og lettare å setja ut av drift att. Ofte sprøytar ein vatn på desse vegane for å gjera isen tjukkare, slik at tunge lastebilar og utstyr kan få trygg tilgang til avsidesliggjande stader om vinteren.

I kulturen endre

I ei novelle av Jack London, «Love of Life», et den sveltande hovudpersonen muskegbær langs stien. A muskeg berry is a bit of seed enclosed in a bit of water. In the mouth the water melts away and the seed chews sharp and bitter. The man knew there was no nourishment in the berries, but he chewed them patiently with a hope greater than knowledge and defying experience.»

I Martha Ostenso sin roman Wild Geese frå 1925 speler landjorda som antagonisten eig og elskar ei viktig rolle: «Southeast, under the ridge, bottomless and foul, lay the muskeg, the sore to Caleb's eye. In the heat of summer it gave up sickly vapours in which clouds of mosquitoes rose. Cattle and horses, breaking through the pasture fence and heading for the hay field, had disappeared beneath its spongy surface.»

Gordon Lightfoot nemner muskeg i songen «Canadian Railroad Trilogy» frå 1966/1967.

Kjelder endre

  1. Cree Dictionary. «Maskek». Henta 15. april 2009. 
  2. C. Michael Hogan. 2008
  3. «OKthePK - Last Call». www.okthepk.ca. 2. september 2013. Henta 1. september 2021.