Biff à la Lindström

(Omdirigert frå Biff à la Lindstrøm)

Biff à la Lindström er ein kjøttdeigbiff laga av kjøttdeig, lauk, eggeplomme, fløyte, kokt potet, raudbete og kapers.[1] Retten blir rekna som ein klassikar innan svensk matlaging.[2]

Steiking av biff á la Lindström

Opphav endre

Ifølgje den vanlegaste soga om opphavet til retten og namnet skal han ha blitt til då svenske løytnant Henrik Lindström vitja Hotel Witt i Kalmar i 1862.[3] Lindström hadde vokse opp i Sankt Petersburg, og kjende til ein russisk rett han ville at vennene hans skulle smaka. Han fekk tak i dei rette ingrediensane og gav instruksar for korleis dei skulle lagast til. Sidan har hotellet fortsett å servera biff på Lindström-vis eller på kulinarisk fransk «biff à la Lindström».[3]

Ei anna soge om opphavet til retten vister til kafeen Tysta Mari frå krysset mellom Drottninggatan og Jakobsgatan i Stockholm. Kafeen blei driven av Maria Christina Lindström, som skipa han i 1834.[2]

Endå ein annan Lindström som er blitt kopla til retten er den norske polarkokken Adolf Henrik Lindstrøm, som var med både på Fridtjof Nansen og Roald Amundsen sine fartøy og ekspedisjonar til Sørpolen og gjennom Nordvestpassasjen. Han var også kokk for den norske forretningsmannen Jonas Lied som reiste i Sibir. Lied skreiv at kokken laga biff à la Lindstrøm av bjørnekjøtt. Han skal også ha laga ein rett meir lik den svenske biff à la Lindström, av hakka oksekjøtt med raudbeter, som han skal ha fått oppskrift på frå ei svensk husstellærarinne.[4]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Mæhlum, Lars (29. september 2014). «Biff à la Lindstrøm». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. 2,0 2,1 «Historien om biff à la Lindström». Aftonbladet (på svensk). 
  3. 3,0 3,1 «Biff à la Lindström», First Hotels (på norsk bokmål), henta 12. november 2018 
  4. Ekeberg, Jan Ove (29. september 2014). «Adolf Lindstrøm». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff endre