Kjøtkake eller kjøttkake er ein matrett laga av kjøtfarse som er vorten forma til små «kaker» og steikt. Servert saman med kokte poteter, brun saus, tyttebærsyltetøy og kål- eller ertestuing vert kjøtkakene ofte haldne for å vere typisk norsk mat. Dei er også knytte til heimen og familielievet gjennom uttrykk om «mors kjøtkaker», ein rett ingen kan laga maken til.[1]

Kjøtkaker serverte som typisk norsk mat ved EPCOT i Walt Disney World.
Danske frikadeller, eller kjøtkaker.

Tillaging

endre

I dag er det vanleg å kjøpe ferdig kjøtdeig når ein skal lage kjøtkaker heime, men då retten vart populær var det vanleg å kverne kjøtet sjølv. Kjøtdeigen vert fyrst rørt med salt før potetmjøl og krydder vert rørte inn i deigen. Så vert han spedd med mjølk eller vatn til ynskt konsistens før det vert forma runde eller litt avlange bollar, noko større enn eit egg, som vert bruna i feitt i ei steikepanne. Når dei har fått brun steikjeskorpe vert kjøtkakene tekne opp av steikepanna og hatt over til å trekkje til dei er ferdige i ei gryte med brun saus, eller i kraft eller vatn som det sidan vert laga brun saus av. Ein kan òg ha i andre ingrediensar i kjøtkakedeigen, som rive turka brød og finhakka lauk. Av krydder som er vanlege å bruke i kjøtkaker kan nemnast turka malen ingefær, muskat, pepar og allehande.

Historie

endre

Sjølv om retten ofte vert sett som det norskaste av det norske i matvegen, vart han ikkje vanleg mellom breie lag i Noreg før i perioden 1850-1950. Utbreiinga hadde samanheng med at kjøtkverner vart tilgjengelege til ein overkomeleg pris, at støypejarnskomfyrar vart vanlege i heimane og at mange unge kvinner gjekk på husstellskule eller lærte å lage retten medan dei var i tenest i store hushald. Før ein hadde kjøtkverner vart kjøtet finhakka med kniv, noko som var ei arbeids- og tidkrevjande oppgåve som berre dei som hadde tenestjenter kunne unne seg. Kjøtkaker vert steikte i steikjepanne og komfyren gjorde det mykje greiare å lage mat på det viset enn det hadde vore før då matlaging skjedde over open eld i grua.[2]

I dag er mykje av kjøtkakene som vert etne i Noreg kjøpte ferdiglaga. Matvareindustrien produserer kjøtkaker som vert selde som ferskvare, frosne eller hermetiserte.

Liknande rettar

endre

Rettar av kverna kjøt er vanlege i mange matkulturar. Delar av slaktedyret som elles ikkje er særleg høgt verdsette, som innmat eller seige kjøtstykke, kan kvernast opp og verte omtykte rettar.

Ein nærskyld rett til kjøtkakene er dei danske frikadellene, og det er truleg at dei norske kjøtkakene har utvikla seg frå frikadellene i Noreg. Hanna Winsnes hadde i kokeboka si frå 1845 med ei oppskrift kalla «Frikadeller (Kødkager)», medan Henriette Schønberg Erken skil mellom kjøtkaker og frikadeller i si Store kokebok frå 1914, ved at frikadellene er steikte i panne medan kjøtkakene fyrst er bruna i panne og så trekte ferdige i saus.[3]

Andre liknande rettar er karbonadekaker, medisterkaker og ulike kjøtbollar.

Kjelder

endre
Fotnotar
  1. «Mors kjøttkaker er de beste» ved matoppskrift.no. Vitja 5. jan 2008.
  2. Henry Notaker (2006). «Kjøttkaker – årsak og virkning». Mat og måltid. Oslo: Aschehoug. s. 14. ISBN 82-03-23406-2. 
  3. Henry Notaker (2006). «Kjøttkaker og frikadeller». Mat og måltid. Oslo: Aschehoug. s. 108. ISBN 82-03-23406-2.