Biletbok

(Omdirigert frå Bildebok)

Biletbok, også kalla bildebok, er ei bok der illustrasjonar i form av teikningar eller fotografi følgjer med og skildrar det som hender i teksten. Barnebøker er ofte biletbøker.

Moderne biletbøker i eit tysk bibliotek.

HistorieEndra

 
Side frå Den store mongolske Sjahnameh (Den iranske kongeboka) frå 1330-talet, der Aleksander den store møter eit tre som kan tala.

Frå mellomalderen kjenner ein illuminerte manuskript, tekstar som kan ha tilhøyrande miniatyrmåleri som illustrasjonar. Desse hadde ofte religiøst innhald, som Bamberger Apokalypse frå byrjinga av 1000-talet, ei illustrert framstilling av den bibelske apokalypsen og evangelia. Det blei også laga illustrerte verk om historie og myter, som Den iranske kongeboka, som det finst ein mongolsk versjon av frå om lag 1330-talet med bilde i persisk miniatyrmåleri, og Tutinama, ei samling soger frå 1550-talet med bilete i mogulstil. Desse einskildverka hadde stor prestisje, og blei gjerne laga av fyrstar eller religiøse institusjonar. Det blei også laga billigare verk, ofte kalla Biblia Pauperum eller 'dei fattige sin bibel', som var bøker med illustrerte bibelsoger.

 
Orbus Pictus, rekna som den fyrste biletboka for barn.

Orbis Pictus frå 1658 av den tsjekkiske pedagogen Jan Ámos Komenský er rekna for å vera den fyrste biletboka for barn.[1] Ho kombinerer bilete, latinsk tekst og naturhistorie, og var i hundre år den mest populære skuleboka i Vest-Europa. A Little Pretty Pocket-Book av John Newbery, som kom ut i London i 1744, var den fyrste illustrerte barneboka som berre var meint å underhalda. På 1800-talet blei illustrerte eventyrsamlingar vanlege, og eventyr av til dømes Grimm-brørne og H.C. Andersen blei illustrerte av kunstnarar som Gustave Doré, Fedor Flinzer, George Cruikshank,[2] Vilhelm Pedersen, Ivan Bilibin og John Bauer. Alice's Adventures in Wonderland (1866) av Lewis Carroll, med illustrasjonar av John Tenniel, blei ein av dei fyrste store suksessane av underhaldande bøker for barn.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Hunt 1996, s. 217.
  2. Hunt 1996, s. 221.

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

  Denne litteraturartikkelen som har med kunst å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.