Bill Koch

Bill Koch, fullt namn Willam Conrad Koch, (fødd 7. juni 1955) er ein USA-amerikansk tidlegare langrennsløpar som vann verdscupen i langrenn 1982, og tok OL-sølv på 30 km i 1976 og VM-bronse på same distansen i 1982. Koch vert hugsa som utøvaren som tok i bruk einfots-skøyting. Han er frå Brattleboro i delstaten Vermont.

Bill Koch
Bill Koch Innsbruck 1976 PA-0797 U 8816 II 008 (cropped).jpg
Fødd 7. juni 1955 (65 år)
Brattleboro (Vermont)
Yrke langrennsløpar, kombinertløpar
Bill Koch på Commons

AktivEndra

Koch endra langrenn som idrett då han viste at einfots-skøyting lønte seg under visse tilhøve. Under Vinter-OL 1976 overraska han stort då han vann sølvmedaljen på opningsdistansen 30 km langrenn under vinterleikane i Seefeld, og sidan vart sjettemann på 15 km.

Dei neste åra nådde Koch heller sjeldan opp mot toppen av resultatlistene. Gjennom 1982-sesongen vann han derimot fire av dei ti renna i verdscupen, noko som gav han sigeren i verdscupen i langrenn 1982. Dessutan sikra han seg bronsemedaljen på 30 km under Ski-VM i Oslo. Også i 1983-sesongen prega Koch verdscuptevlingane med andreplass i Reit im Winkl, siger på tremila under prøve-OL i Sarajevo og ein tredjeplass i Anchorage, og dermed enda som tredjemann i verdscupen 1983.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar