William Henry Nieder, kjend som Bill Nieder, (10. august 19337. oktober 2022) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar, fødd i Hempstead i delstaten New York. Han vann OL-gull i kulestøyt i 1960, fire år etter han tok sølvmedaljen i øvinga ved Sommar-OL 1956. Gjennom 1960-sesongen forbetra Nieder verdsrekorden tre gonger, sist til historiske 20,06 meter.

Bill Nieder


Bill Nieder med kone og dotter i 1957.

Statsborgarskap USA
Fødd 10. august 1933
Hempstead
Død

7. oktober 2022 (89 år)
Angels Camp

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956

Karriere endre

Nieder voks opp i Lawrence i delstaten Kansas. Her melde han i mai 1955 seg inn i den ypparste verdseliten då kula landa på 17,65 meter. I mars 1956 forbetra han den personlege rekorden til 18,22 m i Kansas City, einast verdsrekordhaldar Parry O’Brien hadde støytt lengre. Ein månad seinare nådde Nieder 18,36 m, i ei tevling der han vart slått knipent av nettopp O’Brien. Den 18. mai forlengde Nieder sitt bestestøyt til 18,38 m. Etter å ha vist noko sviktande form, kom han tilbake med 18,18 m og tok sølv under sommarleikane i Melbourne i november 1956, nok ein gong etter ein jamn batalje med Parry O'Brien.

År 1957 var Nieder verdseinar i kulestøyt med 18,94 m, eit resultat han nådde 20. april heime i Lawrence. Utover i mai og juni vann han ulike stemne med støyt som målte 18,55 m, 18,80 m, 18,73 og 18,92 m. I 1958-sesongen måtte han nøye seg med 18,36 m som sitt årsbeste. Den 28. mars 1959 forbetra Nieder i Santa Barbara i California den personlege rekorden til 19,12 m, men vart likevel slått av 18-åringen Dallas Long som tangerte Parry O’Brien sin verdsrekord på 19,25 m.

Den 19. mars 1960 sette Nieder sjølv verdsrekord med 19,45 m i Palo Alto i California. Rekorden stod einast ei veke, til dess Long støytte 19,67 m. Men også Longs rekord vart kortlivar, den 2. april i Austin i Texas smelte Nieder til med 19,99 meter. Under OL-uttaka i Stanford i California vart Nieder berre nummer 4 med sine 18,88 m, så det måtte ein skade på OL-kvalifiserte Dave Davis til for at Nieder fekk take turen til OL i Roma. Like før sommarleikane vart Nieder historisk då han som fyrstemann støytte kula over 20 m, den 12. august 1960 landa ho i Walnut i California på 20,06 m. Nitten dagar seinare vart han i Roma olympisk meister med 19,68 m, over halvmeteren framom sølv- og bronsemedaljørane, landsmennene O'Brien og Long.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • OL 1956 i Melbourne: Sølvmedalje – 18,18 m, bakom Parry O’Brien (18,57 m)
  • OL 1960 i Roma: Gullmedalje – 19,68 m, framom Parry O’Brien (19,11 m)

Yrke endre

Nieder var tilsett i industriselskapet 3M, der han var sentral i å utvikle kunststoffdekke på friidrettsbanene. I 1968 fekk han seld det aller fyrste syntetiske banedekket, til arrangørane av dei olympiske sommarleikane i Mexico-byen. Seinare utvikla Nieder ein ny versjon av ei polstra celle til bruk i psykiatrien.

Kjelder endre