Dallas Crutcher Long (fødd 13. juni 1940) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Pine Bluff i delstaten Arkansas, som vart olympisk meister i kulestøyt i 1964, fire år etter han tok OL-bronsen i same øvinga.

Dallas Long


Statsborgarskap USA
Fødd 13. juni 1940 (83 år)
Pine Bluff
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1964, Sommar-OL 1960

Dallas Long i 1964

Long melde seg på i verdseliten i kulestøyt berre 19 år gammal. Under dei panamerikanske leikane 1959 i Chicago vart han andremann med sine 18,51 m, vel halvmeteren bak verdsrekordhaldaren Parry O’Brien. Den 5. mars 1960 flytta Long verdsrekorden med åtte centimeter til 19,38 m under eit stemne i heimbyen Los Angeles. Etter at ein annan US-amerikanar, Bill Nieder, forbetra verdsrekorden 14 dagar seinare, tok Long tilbake verdsrekorden i slutten av mars månad då han støytte kula 19,67 m, 22 cm lengre enn Nieders rekordstøyt. Men allereie 2. april tok Nieder over att som versrekordhaldar då han presterte 19,99 m i Austin i Texas, ein rekord han forbetra til historiske 20,06 m i Walnut den 12. august. Vel to veker seinare kom Long på tredjeplass i kuletevlinga under sommarleikane 1960 i Roma, med 19,01 m enda han høvesvis 67 og 10 cm bakom landsmennene Nieder og O'Brien.

Sommaren 1962 tok Long tilbake verdsrekorden i kulestøyt då han oppnådde 20,08 m på den gamle OL-arenaen i Los Angeles. På same stadion pynta han våren 1964 på verdsrekorden til fyrst 20,10 m og så 20,20 m. Den 27. juli 1964, under landskampen USA-Sovjetunionen gjorde Long sitt livs beste tevling frå kuleringen, atter ein gong i Los Angeles. I heile fire støyt landa kule bortom hans eigen gamle rekord, det lengste støytet stoppa på 20,68 meter. Knapt tre månader seinare tok Long heim gullmedaljen i øvinga under Sommar-OL 1964 i Tokyo, her støytte han 20,33 meter, 13 cm lengre enn landsmannen Randy Matson, den neste verdrekordsetjaren i kulestøyt. Long la opp etter leikane.

Kjelder endre