Eit biom er ein type av store biologiske samfunn som er kjenneteikna av alle organismane som lever i eit område og samspelet mellom dei.[1] Hovudstrukturen i eit slikt dyre- og plantegeografisk område er danna av vegetasjon med planteliv.[2] Økosystemet i området vert danna av dei abiotiske faktorane der saman med biomet. Abiotiske faktorar kan vere bestemde av klimaet i tillegg til fysiske vilkår slik som jordsmonn, tilgjenge på vatn og høgd over havet.

Bioma på jorda er dei største økologiske einingane og er kategorisert som terristiske biom, marine biom eller ferskvassbiom. Eit døme på terristisk («på landjorda») biom er boreale skogar og taiga som spenner over Nord-Amerika og Eurasia inkludert Fennoskandia.

Biom på landjorda etter vegetasjon endre

 
██ Isørken ██ Tundra ██ Taiga (boreal barskog) ██ Temperert lauvskog ██ Temperert steppe ██ Subtropisk regnskog ██ Middelhavsvegetasjon ██ Monsunskog ██ Ørken ██ Buskvegetasjon ██ Tørr steppe ██ Halvørken ██ Grassavanne ██ Tresavanne ██ Subtropisk skog ██ Tropisk regnskog ██ Alpin tundra ██ Fjellskog

Kjelder endre

  • Ratikainen, Irja Ida, biom i Store norske leksikon på snl.no. Henta 7. januar 2024 frå https://snl.no/biom lisens: CC-BY-SA-3.0
Referansar
  1. Ratikainen i snl.no/biom
  2. «Biom - Institutt for biovitenskap», www.mn.uio.no, henta 7. januar 2024