Birger Leirud (26. juni 192410. februar 1999) var ein friidrettsutøvar som representerte Leirsund IL i Akershus. Han vart nummer fire i høgdehopp under EM i friidrett 1946 i Oslo. I perioden 1946-52 vart han noregsmeister i høgdehopp fire gongar.

Birger Leirud
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. juni 1924
Sørum kommune
Død

10. februar 1999 (74 år)

Yrke høydehopper

Aktiv endre

Leirud kom på fjerdeplass i høgdehopptevlinga under EM 1946 på Bislett stadion, same sesongen som han vann sitt fyrste NM-gull. To år seinare vart han nummer 13 i finalen i under dei olympiske leikane i London, då landsmannen Bjørn Paulson tok sølvmedaljen i øvinga. Nettopp Paulson og Leirud kjempa drabeleg om NM-tittelen i OL-året, begge svinga seg over 1,96 m, med Paulson som vinnar.

Leirud vart norsk meister i høgdehopp både i 1949 og 1950, samt 1952. Han forbetra seg frå førre OL då han i 1952 kom på sjuandeplass under sommar-OL i Helsingfors med eit hopp på 1,90 meter.

Leirud sin personlege rekord i høgdehopp, 1,96 meter, oppnådde han fyrste gongen i september 1947 i Stockholm.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1946: Gull – 1,90 m, framom Alexander Yggeseth (1,85)
  • 1947: Sølv – 1,93 m, bakom Bjørn Gundersen (1,93 m)
  • 1948: Sølv – 1,96 m, bakom Bjørn Paulson (1,96 m)
  • 1949: Gull – 1,94 m, framom Eivind Wigstøl (1,80 m)
  • 1950: Gull – 1,90 m, framom Erik Stai (1,85 m)
  • 1952: Gull – 1,90 m, framom Bjørn Gundersen (1,90 m)

Kjelder endre