Birkebeinerne
Birkebeinerne er ein norsk historisk dramafilm frå 2016. Filmen var regissert av Nils Gaup og skriven av Ravn Lanesskog. Hovudrollene vert spelte av Jakob Oftebro, Kristofer Hivju, Pål Sverre Valheim Hagen, Benjamin Helstad, Thorbjørn Harr, Stig Henrik Hoff og Nikolaj Lie Kaas. Filmen er basert på den verkelege historia om birkebeinarane sin innsats for å redde kongsonen Håkon Håkonsson i borgarkrigen mellom dei to gruppene baglarane og birkebeinarane i 1206.
Regi | Nils Gaup | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | Finn Gjerdrum, Stein B. Kvae | ||
Medverkande | Jakob Oftebro, Kristofer Hivju, Pål Sverre Valheim Hagen, Thorbjørn Harr, Benjamin Helstad, Stig Henrik Hoff, Nikolaj Lie Kaas, Søren Pilmark, Bjørn Sundquist, Ane Ulimoen Øverli, Thea Sofie Loch Næss, Anders Dahlberg, Lia Boysen, Åsmund-Brede Eike, Fridtjov Såheim | ||
Klipp | Thomas Täng | ||
Musikk | Gaute Storaas | ||
Sjeffotograf | Peter Mokrosiński | ||
Distributør | Magnolia Pictures, ADS Service | ||
Utgjevingsdato | 12. februar 2016, 25. august 2016 (Ungarn)[1] | ||
Lengd | 99 minutt | ||
Opphavsland | Noreg, Danmark, Sverige, Republikken Irland, Ungarn | ||
Språk | norsk | ||
Sjanger | historisk film, eventyrfilm, dramafilm, actionfilm, Krigsfilmar, peplum |
Filmen hadde kinopremiere i Noreg 12. februar 2016. Rettane til filmen blei selde til ca. 60 land.
Handlinga
endreÅret er 1204 og Noreg vert herja av borgarkrig. På den eine sidan står dei fattige birkebeinarane, og på den andre sida står baglarane, som er støtta av danskane og den rike pavekyrkja. Når birkebeinarkongen Håkon Sverresson døyr på uforklarleg vis, trur heile kongeriket at blodslinja i kongsætta er blitt broten, at det ikkje finst nokon ny arving. Rett før han døyr avslører kongen at han har ein uekte son, som må bli den neste kongen.
Baglarane får høyre om kongssonen, og no er den viktigaste oppgåva til birkebeinarane å halde guten i live. Med baglarane jagande rett bak, må dei to birkebeinarane Skjervald og Torstein frakte guten til Nidaros i tryggleik. Dette er starten på ei livsfarleg og dramatisk flukt på ski over fjellet. Ein tur som vil endre noregshistoria for alltid.
Rolleliste
endre- Jakob Oftebro som Skjervald
- Kristofer Hivju som Torstein
- Pål Sverre Valheim Hagen som Gisle
- Thorbjørn Harr som Inge Bårdsson
- Benjamin Helstad
- Stig Henrik Hoff
- Nikolaj Lie Kaas
- Ane Ulmoen Øverli som Inga fra Varteig
- Thea Sofie Loch Næss
- Anders Dahlberg som Aslak
- Elg Elgesem som Frikk
- Torkel Dommersnes Soldal
- Adam Nemet som Gisles vakt
Produksjon
endreFilmen vart regissert og spelt inn i hovudsak på Ringsaker. Filmen hadde som mål å oppnå ein sterk filmturisme i området.[2]
Historisk korrekt?
endreFilmen viser sanninga om den brutale borgarkrigen i Noreg på 1200-talet, mellom dei to rivaliserande gruppene birkebeinarane og baglarane. Samstundes kan ein stille seg kritisk til kampstilen, og ifølgje journalisten Odd Hostad var mange detaljer utelatne. Han hevda også at bodskapen forsvann i dei dominerande actionscenene, noko som gjorde filmen mindre realistisk. Hostad klaga også på kampstilen, og meinte at settinga ikkje samspelte heilt med røynda.[3]
Utgjeving
endreBirkebeinerne hadde premiere på kino 12. februar 2016 i Noreg,[4] og filmen vart gjeven ut på Blu-Ray og DVD 6. juni 2016.[5] I USA blei filmen gjeven ut som The Last King den 17. juni 2016.
Mottaking
endreNRK Filmpolitiet gav filmen terningkast 4, og skreiv at «Det blir kanskje ikke pustet nok liv inn i alle figurene, og selv heltene får litt for lite spillerom, men filmen lever godt når den utvikler seg til å bli noe vi nordmenn er i overkant opptatte av, nemlig et viktig og spennende skiløp!»[6]
Kjelder
endre- ↑ http://nmhh.hu/dokumentum/198182/terjesztett_filmalkotasok_art_filmek_nyilvantartasa.xlsx.
- ↑ Mette Finborud Børresen. «Vil skape filmturisme av birkebeinere». NRK. Henta 19.12.2017.
- ↑ Odd Hostad. «Birkebeinere med dårlig glid». Romsdalen budstikke.
- ↑ «Filmweb: Birkebeinerne». filmweb.no/.
- ↑ «CDON: Birkebeinerne».
- ↑ Birger Vestmo. «Birkebeinerne». NRK P3. Henta 19.12.2017.