Birth of a New Age

song frå 2021 med Jeangu Macrooy
«Birth of a New Age»
Song av Jeangu Macrooy
Land Nederland
Språk Engelsk, srnan tongo
Utgjeve 4. mars 2021
Sjanger Soul, kawina[1]
Lengd 02:53
Selskap Unexpected Records
Komponist Jeangu Macrooy, Perquisite
Tekstforfattar Jeangu Macrooy, Perquisite
Låtskrivar(ar) Jeangu Macrooy, Pieter «Perquisite» Perquin

«Birth of a New Age» (norsk omsetjing 'fødselen til ein ny tidsalder') er ein song frå 2021 av den surinamske songaren og låtskrivaren Jeangu Macrooy. Songen vart utgjeven 4. mars 2021 og var det nederlandske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 på heimebane i Rotterdam. Songen enda på 23. plass i finalen med 11 poeng.

Om songen endre

«Birth of a New Age» er komponert og framført av musikaren Jeangu Macrooy. Hans manager, den nederlandske musikaren og produsenten Pieter «Perquisite» Perquin, står bak arrangementet og instrumenta i songen.[2][3]

Macrooy er frå Surinam, men har budd i Nederland i ei årrekkje, og har vorte ein kjend person i landets musikkliv. Songen tek for seg vanskane mange minoritetar vert utsette for. Ifølgje songaren sjølv, skal songen inspirera folk til ikkje å gje opp, men stå saman og seie «rytmen din er opprør».[4]

«Birth of a New Age» har engelsk tekst, men inneheld eit surinamsk ordtak frå morsmålet til Macrooy, sranan tongo: «Mi na afu sensi, no wan man e broko mi» (eg er ein halv cent, du kan ikkje knekka meg). «Ein halv cent» viser til den ein gong lågaste myntvaløren i Surinam, og som ikkje kan delast opp i lågare valørar.[4][3]

Eurovision Song Contest endre

«Birth of a New Age» representerte Nederland på heimebane i Eurovision Song Contest 2021, etter at den nederlandske kringskastaren AVROTROS internt valde Jeangu Macrooy til å representere landet i tevlinga i 2020 med songen «Grow». Men Eurovision Song Contest vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien, men AVROTROS vedtok at Macrooy i staden skulle få representere landet i 2021 med ein ny song.

Som vertsnasjon var Nederland automatisk kvalifisert til finalen i Rotterdam Ahoy laurdag 22. mai 2021. I finalen hadde «Birth of a New Age» startnummer 23, og den vart til slutt nummer 23 av 26 med 11 poeng. Alle poenga kom frå fagjuryane, medan han fekk 0 poeng i telefonavrøystinga.

Musikkvideo endre

Den offisielle musikkvideoen til songen vart i likskap med låten sloppen 4. mars 2021. Videoen vart spela inn i Rijksmuseum i Amsterdam.[5]

Listeplasseringar endre

Liste (2021) Høgaste

plassering

Belgia (Ultratip Flandern)[6] 40
Litauen (AGATA)[7] 94
Nederland (Top 40)[8] 37
Nederland (Single Top 100)[9] 30
Surinam (Magic 10)[10] 1

Referansar endre

  1. NPO, Videoclip Birth of A New Age van Jeangu Macrooy, via songfestival.nl, 5. mars 2021
  2. «Jeangu Macrooy wrote Songfestival song Grow in a ‘dark period’ | NOW» (på engelsk). 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Jeangu Macrooy starts again with 'Birth Of A New Age'» (på engelsk). 4. mars 2021. Henta 5. mars 2021. 
  4. 4,0 4,1 «Jeangu Macrooy debuts "Birth of a New Age" — The Netherlands' Eurovision 2021 song» (på engelsk). 4. mars 2021. Henta 5. mars 2021. 
  5. songfestivalweblog. «Nederlandse inzending heet ‘Birth of A New Age’» (på nederlandsk). Henta 5. mars 2021. 
  6. «Jeangu Macrooy - Birth Of A New Age - ultratop.be». Henta 5. september 2021. 
  7. «2021 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). Henta 20. juni 2021. 
  8. Top 40, Stichting Nederlandse. «Top 40 week 11 van 2021» (på nederlandsk). Henta 16. mars 2021. 
  9. Hung, Steffen. «Jeangu Macrooy - Birth Of A New Age». Henta 5. september 2021. 
  10. «Magic 10 – 22 mei 2021» (på nederlandsk). 22. mai 2021. Henta 5. september 2021.