Björn Lars Johannes Erik Ferry (fødd 1. august 1978) er ein svensk tidlegare skiskyttar frå Stensele. Han vart olympisk meister på jaktstarten under Vinter-OL 2010 i Vancouver og verdsmeister med Sverige i mixstafett ved VM i skiskyting 2007 i Antholz.

Björn Ferry


Statsborgarskap Sverige
Fødd 1. august 1978 (45 år)
Storumans kommun
Idrett skiskyting
Tok del i

Skiskyting under Vinter-OL 2002, Skiskyting under Vinter-OL 2006, Skiskyting under Vinter-OL 2014, Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Jaktstart menn, Biathlon World Championships 2012 – men's mass start, Biathlon World Championships 2007 – Mixed Relay, VM i mixed stafett 2010, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint menn

Aktiv endre

Ferry debuterte i verdscupen i skiskyting i 2001, og kom på pallen fyrste gongen i 2005. I ein rekordjamn 10 km i italienske San Sicario vart han nummer to, 0,3 sekundar bakom vinnaren, Sergej Rozjkov frå Russland, og like langt tidssprang til trearen i tevlinga.

I 2007-sesongen tok Ferry steget opp i verdseliten i skiskyting, med to andreplassar i verdscuprenn enda han på sjuande plass i verdscupen. Høgdepunktet for sesongen var mixstafetten under VM i skiskyting i Antholz, der han gjekk tredje etappen for det svenske laget, som elles bestod av Helena Jonsson, Anna Carin Olofsson og Carl Johan Bergman, vann gullmedaljen med god margin til Frankrike og Noreg.

Vinteren 2008 kom Ferrys fyrste triumf i verdscupen då han vann ein suveren siger i jakstarten i Antholz, der han også vart nummer to i fellesstarten. Med tre pallplassar i verdscuprenn enda han som sjettemann totalt i verdscupen, hans aller beste rang. Også i 2009 vann han jaktstarten i Antholz, etter å ha vorte nummer to på 10 km.

OL-sesongen 2010 gjorde Ferry eit einaste topprenn, men det var derimot høgdepunktet i hans karriere som skiskyttar. Frå ein åttandeplass i sprinttevlinga under Vinter-OL 2010 i Whistler Mountain avanserte han heilt til topps på jaktstarten. Med 19 treff og ei strålande sisterunde tok han OL-gullet, 16 sekundar føre Christoph Sumann frå Austerrike. På tampen av same sesongen fekk han ein VM-bronse i mixstafett med Sverige i ei tevling som fann stad i Khanty-Mansijsk.

Etter meir moderate plasseringar i 2012 og særleg 2013, kom Ferry sterkt tilbake i sin siste sesong, OL-sesongen 2014. Han vann då to av tevlingane i Pokljuka og stod i alt seks gongar på pallen etter verdscuprenn. Det gav han åttandeplassen i verdscupen i skiskyting 2014.

 
Björn Ferry etter å ha vunne sin sjuande og siste siger i verdscupen i skiskyting, i Pokljuka i 2014

Verdscupsigrar endre

Dato Stad Øving
19. januar 2008 Antholz   Italia Jaktstart
24. januar 2009 Antholz   Italia Jaktstart
16. februar 2010 Vancouver   Canada Jaktstart
18. desember 2010 Pokljuka   Slovenia Sprint
14. januar 2011 Ruhpolding   Tyskland Jaktstart
6. mars 2014 Pokljuka   Slovenia Sprint
9. mars 2014 Pokljuka   Slovenia Fellesstart

Kjelder endre