Bjørnøya-ulykka

Bjørøya-ulukka var ei flyulykke som ramma Luftforsvaret den 28. mars 1954. Eit av Luftforsvaret sine Catalina–sjøfly frå 333. skvadron med kjenneteiknet KK-N (tidlegare LN-OAP frå Vingtor Luftveier) hadde som oppdrag å droppa postsekker til dei meteorologiske stasjonane på BjørnøyaHopen og gruvesamfunna i Longyearbyen og Ny-ÅlesundSpitsbergen. Det var ein flytur som vanlegvis tok rundt 17-18 timar.

Vrakrestar på ulykkesplassen

Hendelsesforløp endre

KK-N flaug ut frå Skattøra sjøflyhamn i Tromsø om morgonen. Det droppa først posten på Bjørnøya og heldt fram mot Spitsbergen og deretter Hopen. Etter ei vellukka gjennomføring av postsleppa på alle stasjonane vart kursen sett tilbake mot Tromsø. Flyet kom inn over Bjørøya etter 13 timars flyging, men like sør for stasjonen i tett snødrev gjekk flyet i bakken etter ein høgresving om lag klokka 15:00 om ettermiddagen.

Flyet hadde då det styrta ei besetning på 8 og 1 passasjar. Passasjeren var ein programsekretær frå NRK Tromsø som skulle laga reportasje om postflygingane til Svalbard. Medan flyet hadde floge over Bjørnøya hadde stasjonen på øya hatt radiokontakt, men då kontakten like etter vart broten rekna dei med at radioen til flyet hadde vorte øydelagd.

 
PBY Catalina

Søk og funn endre

Etter eit par timar vart det meld frå over radio Tromsø at sjøflyet var sakna. To av mannskapet på stasjonen gjekk då ut på ski sørover for å leita etter spor av flyet. Desse fann det brennande flyvraket om lag fem kilometer frå stasjonen ved 19-tida.

Framme ved vraket fann dei berre ein overlevande som hadde brekt foten, medan resten hadde omkome i styrten. Dagen etter kom to marinefartøy til Bjørøya med havarikommisjon og hjelpepersonell.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre