Hopen

øy på Svalbard

Hopen er ei øySvalbard. Øya ligg i Barentshavet 185 km aust for sørspissen av Spitsbergen. Øya er 33 km lang og 2 km brei.

Hopen
Vêrstasjonen på Hopen sett frå nord
Vêrstasjonen på Hopen sett frå nord
Geografi
Stad Barentshavet
Koordinatar 76°33′N 25°07′E / 76.550°N 25.117°E / 76.550; 25.117
Øygruppe Svalbard

Areal 47 km²
Lengd 33 km
Breidd 2 km

Høgaste punkt Iversenfjellet (370 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Demografi
Folketal 4
Folketettleik 0,1 /km²

Hopen er omkransa av is mellom november og juli. I denne perioden får Hopen stadig gjesting av isbjørn og fjellrev.

Det finst ymse historier om korleis øya vart oppdaga, men truleg var det Thomas Marmaduke av Hull som fyrst såg øya i 1613. Han var ein engelsk kvalfangar som arbeidde for Muscovy Company i London. Han gav øya namnet Hope Island, truleg etter skuta hans, «Hopewell».

Hopen vart freda som naturreservat 26. september 2003. Heile øya er freda bortsett frå et lite område rundt Meteorologisk institutt sin vêrstasjon.

Andre verdskrig endre

I juni–juli 1942 vart 24 farty i den austgåande konvoien PQ17 søkkt aust for Hopen og mange omkom. Den 4. november vart det sovjetiske dampskipet «Dekabrist» på 7463 brt søkkt av tyske fly like sør for Hopen med 80 mann om bord. Ein av totalt fire livbåtar som vart firt på sjøen og med 19 mann om bord, mellom anna skipper Stepan Polikarpovic Beljajev, tok seg i land på sørspissen av Hopen. Dei fleste av dei 19 omkom i laupet av vinteren, men skipperen, skipslegen og ein matros overlevde opphaldet og vart henta av den tyske ubåten U-703 som førte dei til Harstad sumaren og hausten 1943.

Under den andre verdskrigen bygde tyskarane ein meteorologisk stasjon i Husdalen på den søraustlege sida av øya. Stasjonsbygga vert i dag nytta av Noreg og utgjer den meteorologiske stasjonen Hopen radio.

 
Kart over Hopen

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre