Opna hovudmenyen

Bjørn Hernæs (fødd 23. november 1936 i Sør-Odal i Hedmark) er ein tidlegare norsk industrileiar, gardbrukar og Høgre-politikar. Han var innvald på Stortinget frå Hedmark 1993–2005.

Bjørn Hernæs
Fødd23. november 1936
Sør-Odal
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar

Hernæs er son av malar Asbjørn Jacobsen og gardbrukar Borghild Hernæs. Etter studenteksamen i 1975 gjekk han inn i næringslivet, og tok handelsskole og studium ved Bedriftsøkonomisk Institutt. Hernæs var kontorassistent i maskinfirmaet Alfa Laval AS 1954–1958, salssjef for symaskinfabrikanten Pfaff AS 1958–1968, salsdisponent i kjemi- og lækjemiddelfirmaet Norske Hoechst AS 1968–1972 og administrerande direktør i gardinsystemfabrikanten Silent Gliss Norway AS på Skarnes 1972–1993. Han fungerte òg som administrerande direktør i Silent Gliss i Danmark og Sverige 1981–1984. Hernæs har òg drive slektsgarden Øvre Hærnes på Sander og hatt styreverv i lokalt næringsliv.[1]

Hernæs var viseformann i Sinsen Unge Høgre 1958–1960, leiar i Sør-Odal Høgre 1988–2006 og informasjonsleiar i Hedmark Høgre 1991–1993.[2] Frå midten av 1980-åra leidde han Østlandskomiteen for utbygging av Gardermoen lufthamn.[3][4] Hernæs var innvald på Stortinget frå Hedmark 1993–2005. På Stortinget var han medlem av Stortingets forsvarskomité 1993–1997 og 2001–2005, medlem av Stortingets justiskomité 1997–2001, visesekretær i Stortingets plenum 1997–2001 og leiar av stortingsdelegasjonen til OSSE si parlamentariske forsamling 2001–2005. Frå 2014 er han leiar i Hedmark Senior Høgre.[2]

KjelderEndra

  1. NTB (23. november 2006). «Jubilanter». Aftenposten (morgen utg.): 26. 
  2. 2,0 2,1 «Bjørn Hernæs». Høyre. Henta 3. juli 2014. 
  3. NTB (22. november 1986). «Jubilanter». Aftenposten (morgen utg.): 22. 
  4. Daniel, Lisbeth (15. april 1986). «Velkommen med fly til Gardermoen». Aftenposten (aften utg.): 4. 

BakgrunnsstoffEndra