Skarnes
Skarnes er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sør-Odal kommune i Innlandet. Tettstaden har 2 397 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg ved Glomma, på begge sidene av elva, ved munningen av den mindre elva Oppstadåa som renn ut i Glomma. Nord- og sørsida av Skarnes er knytt saman med Skarnes bru frå 1880-åra.[1]
Skarnes | |||
tettstad | |||
Skarnes stasjon
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Sør-Odal | ||
Areal | 2,39 km² | ||
Folketal | 2 397 (2017) | ||
Folketettleik | 1 003 / km² | ||
Postnummer | 2100 SKARNES | ||
Preposisjon | på Skarnes | ||
![]() Skarnes | |||
Wikimedia Commons: Skarnes | |||
Fylkesveg 24 går nordover frå Skarnes til Hamar. Det meste av busetnaden og industrien på Skarnes ligg ved stasjonen på Kongsvingerbanen, på sørsida av elva. Skarnes har mølle, kornsilo og noko trevareindustri, i tillegg til vidaregåande skole og Solbakken folkehøgskole. Det er friluftsmuseum på Odalstunet, med gardstun og husmannsplass.[2]
Kjende skarnesingar Endra
- Øystein Sunde – visesongar og gitarist
- Magnus Gullerud – handballspelar
Referansar Endra
- ↑ «Sør-Odal». Store norske leksikon. Henta 2. desember 2018.
- ↑ «Skarnes». Store norske leksikon. Henta 2. desember 2018.