Bjørn Inge Mo
samisk politikar
Bjørn Inge Mo (16. mars 1968–10. juli 2022) var ein norsk, samisk gardbrukar og politikar for Arbeidarpartiet frå Kåfjord. I 2019 vart han vald til fylkesrådsleiar i Troms og Finnmark fylke.[1] Frå 2003 til 2015 var han ordførar i Kåfjord kommune.[2] Mo har tidlegare vore leiar i Troms arbeidarparti i 9 år.[3] I 2017 vart han vald til Sametinget frå Gáisi valkrins og var leiar i nærings- og kulturkomitéen. Han tok permisjon frå Sametinget frå den 5. mars 2020 og Per Mathis Oskal møter fast for han.[4]
Bjørn Inge Mo | |||
| |||
Fødd | 16. mars 1968 | ||
---|---|---|---|
Død | 10. juli 2022 (54 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, allmugen | ||
Barn | Lisa-Katrine Mo | ||
Alle verv |
Kjelder
endre- ↑ NRK (30. september 2019), «Bjørn Inge Mo blir fylkesrådsleder», NRK (på norsk bokmål), henta 18. februar 2021
- ↑ «Bjørn Inge Mo ny ordfører i Kåfjord», www.nordlys.no (på norsk), 6. oktober 2003, henta 8. juli 2019
- ↑ NRK (28. juli 2016), «Bjørn Inge Mo klar for Sametinget», NRK (på norsk bokmål), henta 8. juli 2019
- ↑ Sametinget. Representanter og vararepresentanter 2017-2021 (pdf) Henta frå nettstaden til Sametinget Arkivert 2021-06-19 ved Wayback Machine. den 18. februar 2021.
Bakgrunnsstoff
endre- Bjørn Inge Mo Arkivert 2019-07-08 ved Wayback Machine. på sametinget.no.