Bjørn Olav Nordahl
Bjørn Olav Nordahl (fødd 1. november 1963) er ein norsk journalist og forfattar frå Drammen, busett i Mjøndalen.[1]
Bjørn Olav Nordahl | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. november 1963 (61 år) |
Yrke | Journalist, forfattar |
Periode | 2007- |
Debut | Ran : Historier om det nye Norge |
Bjørn Olav Nordahl på Commons |
Nordahl arbeider i NRK Buskerud. Han har tidlegare arbeidd fem år i Vårt land og i 13 år som feature- og gravejournalist i Dagens Næringsliv. For arbeidet i Vårt Land og Dagens Næringsliv mottok han Den store journalistprisen i 2005 og fem Skup-diplom.[2]
I 2007 gav han ut dokumentarboka Ran : Historier om det nye Norge saman med Knut Gjernes. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2010 med oppvekstromanen Nesten til stede,[3] og i 2012 kom romanen Skyggeland.
Bøker
endre- 2007 – Ran : Historier om det nye Norge – dokumentarbok skriven saman med Knut Gjernes
- 2010 – Nesten til stede – roman
- 2012 – Skyggeland – roman
- 2014 – Nullpunkt – kriminalroman
Referansar
endre- ↑ «Nordahl, Bjørn Olav». Nettstaden til Gyldendal Norsk Forlag. Henta 10. februar 2012.
- ↑ Leif Gjerstad (19. juli 2011). «Bjørn Olav Nordahl til NRK». journalisten.no. Henta 11. februar 2012.
- ↑ Bjørn Zabell-Engh (4. august 2010). «Bjørn Olav Nordahl skriver bok om oppveksten i Drammen». Drammens Tidende. Henta 11. februar 2012.