Den store journalistprisen
Den store journalistprisen er ein norsk mediepris for god norsk journalistikk skipa i 1991. Han er rekna som den fremste utmerkinga innan norsk presse.[1]
Prisen vart delt ut for første gong i 1992.[1] Han erstatta i røynda Narvesenprisen, som vart utdelt fram til 1990.[1]
Den store journalistprisen vert delt ut av Norsk Presseforbund, og vert delt ut til éin eller fleire medarbeidarar som i løpet av det siste året har gjort ein særs prisverdig innsats på journalistikken sitt område.[2] Juryen blir oppnemnd av Norsk Presseforbund. Utdelinga finn stad under Nordiske Mediedager i Bergen.[1]
Målet med prisen er å oppmuntre til og gjera ære på kvalitet i journalistikken.[2] Prisen kan delast ut til medarbeidarar både i trykt presse, nettpublikasjonar, radio og fjernsyn.[2]
Prisen består av eit diplom og 100 000 kroner i prispengar.[1] Han vert finansiert av Norsk Presseforbund, Norsk Journalistlag, Norsk Redaktørforening, Mediebedriftenes Landsforening, Den Norske Fagpresses Forening, NRK og TV 2.
Prismottakarar
endre- 1992: Arne O. Holm, Dagbladet.
- 1993: Sissel Benneche Osvold, Dagbladet.
- 1994: Fritz Breivik, Nordlands Framtid.
- 1995: Tomm Kristiansen, NRK.
- 1996: Redaksjonen i VG.
- 1997: Finansredaksjonen i Dagens Næringsliv.
- 1998: Anne Grosvold, NRK.
- 1999: Steinar Hansson, Dagsavisen.
- 2000: Inge Sellevåg, Bergens Tidende.
- 2001: Harald Stanghelle, Aftenposten.
- 2002: Ikkje utdelt.
- 2003: Åsne Seierstad, frilans.
- 2004: Harald Henden, VG.
- 2005: Magasinred. i Dagens Næringsliv og Roar Christiansen, Bergens Tidende.
- 2006: Redaksjonen i Typisk norsk (NRK).
- 2007: Debattredaktør Knut Olav Åmås i Aftenposten.
- 2008: Helle Aarnes, Bergens Tidende, for artikkelserie om tyskarjenter.
- 2009: Per Christian Magnus, Robert Reinlund og Anne Marie Groth, TV 2, for dokumentarfilmen Sultbløffen.
- 2010: Bernt Jakob Oksnes, Dagbladet.
- 2011: Odd Isungset for arbeidet med Nygaard-saka.[3]
- 2012: Trude Lorentzen, Eivind Sæther og Adrian Øhrn Johansen, Dagbladet, for 22. juli-dokumentaren «Tomrommene».[4]
- 2013: Kjetil B. Alstadheim, Dagens Næringsliv.[5]
- 2014: Kristin Solberg og Anders Sømme Hammer, frilansjournalistar, for arbeid i konflikt- og krigsområde[6]
- 2015: Maria Mikkelsen og Synnøve Åsebø, VG, for Odin-saka[7]
- 2016: Delt mellom Vegard Venli, Kommunal Rapport, for sin innsats for å få aksjonærregisteret offentleg tilgjengeleg og Anders Fjellberg og Tomm W. Christiansen frå Dagbladet, for «Våtdraktmysteriet»[8][9]
- 2017: Thomas Ergo, Hans Petter Aass og Rune Vandvik frå Stavanger Aftenblad for reportasjen om «Glassjenta», om norsk barnevern.[10]
- 2018: Teiknaren Finn Graff og Per Egil Hegge[11]
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Orgeret, Kristin Skare (10. april 2018). «Den Store Journalistprisen». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Den store journalistprisen», Presse.no (på norsk bokmål), 13. februar 2014, henta 8. februar 2019
- ↑ Journalisten, 24.05.11: Odd Isungset tok hjem journalistprisen. Vitja 12.01.14
- ↑ Presse.no, 09.05.12: Den store journalistprisen til Dagbladet. Vitja 12.01.2014
- ↑ Presse.no, 13.05.13: Journalistprisen til Alstadheim. Vitja 12.01.2014
- ↑ «Frilansere får Journalistprisen». NRK. Henta 5. mai 2016.
- ↑ Odin-saken på vg.no
- ↑ presse.no Den store journalistprisen blir i 2016
- ↑ dagbladet.no «Våtdraktsmysteriet» Dagbladet spesial 2015
- ↑ «Glassjenta - Stavanger Aftenblad». Glassjenta - Stavanger Aftenblad. Arkivert frå originalen 4. juni 2019. Henta 2. mai 2018.
- ↑ «Den store journalistprisen går til Finn Graff og Per Egil Hegge» (på norsk). Henta 2. mai 2018.