Bjørnemoseslekta
planteslekt
(Omdirigert frå Bjørnemose)
Bjørnemose (Polytrichum) er ei slekt av bladmosar med ugreina, stivt opprette blad. Dei dannar ofte tette teppe og tuer i skog og på myrer.
Bjørnemoseslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Bladmosar Bryophyta |
Klasse: | Bjørnemosar Polytrichopsida |
Orden: | Bjørnemoseordenen Polytrichales |
Familie: | Bjørnemosefamilien Polytrichaceae |
Slekt: | Bjørnemoseslekta Polytrichum Hedw., 1801 |
Den viktigaste arten i Noreg er vanleg eller storbjørnemose (P. commune), som blir inntil 0,5 m høg. Han vekst på fuktig mark, ofte saman med torvmosar, og danner store, lause matter.
Andre bjørnemoseartar i Noreg er
- P. formosum Kyst-bjørnemose
- P. gracile Brem-bjørnemose
- P. urnigerum Krukkemose
- P. juniperinum Einermose
- P. alpestre eller P. strictum Filt-bjørnemose
- P.piliferum Rabbe-bjørnemose
- P. norvegicum = P. sexangulare Snø-bjørnemose
Historisk bruk
endreBjørnemosar er blitt brukt til kostar, vispar, matter og kransbinding. Han blei tidlegare også brukt som nødfôr i vårknipa.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bjørnemose» frå Wikipedia på bokmål, den 31. januar 2017.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- bjørnemose i snl.no - fri lisens
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: