Krans (norrønt kranz, frå lågtysk kranz)[1][2] er ein ring laga av plantemateriale eller etterlikningar som kan brukast som dekorasjon eller symbol. Kransar kan hengast opp, leggjast på flatar eller brukast som hovudpryd.

Gullkrans med eføy, bær og satyrhovud. Etruskisk kunstverk frå 400–350 f.Kr. Frå ei grav nær Tarquinia.

Sidan antikken har kransar som laurbær-, oliven- og eikebladkransar spelt ei viktig symbolsk rolle. Laurbærkransen var knytt til guden Apollon medan eikebladkransen var knytt til faren hans Zevs. Olivenkransen blei gjeven til vinnarar i dei olympiske leikane.[3]Etruskarane laga kransar av edle metall som gull, men med etterlikningar av plantar som eik, eføy, oliven, myrte, laurbær, kveite og vinranker. Herskarane deira brukte dei som kroner, ein skikk romerske magistratar vidareførte.[4][5][6] Den romerske Tolvtavleloven frå rundt 450 f.Kr. omtaler ein tradisjon med gravkransar.[7]

I moderne tid kan kransar brukast som dekorasjon som dekorasjonar til høgtider, som kornkransar til haustfestar, adventskransar til jul og advent, og til pynting av maistong. Dei kan òg leggjast på grav- eller minnestader for å æra avdøde.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «krans» i Nynorskordboka.
  2. «Krans» i Det Norske Akademis ordbok
  3. Αρχαίοι Ολυμπιακοί Αγώνες: Οι τιμές στους Ολυμπιονίκες.
  4. Higgins, Reynold Alleyne (1980). Greek and Roman Jewellery. University of California Press. s. 150. ISBN 978-0-520-03601-7. 
  5. Deppert-Lippitz, Barbara; Anne R. Bromberg; John Dennis (1996). Ancient gold jewelry at the Dallas Museum of Art. Dallas Museum of Art in association with the University of Washington Press. s. 39. ISBN 978-0-936227-19-1. 
  6. Hadas, Moses (1952). A History of Latin Literature. Columbia University Press. s. 7. ISBN 978-0-231-01848-7. 
  7. «The Laws of the Twelve Tables». Arkivert frå originalen 9. februar 2020. Henta 14. februar 2013. Anyone who has rendered himself deserving of a wreath ... shall have a right to have the said wreath placed upon his dead body 

  Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.