Storbjørnemose
Storbjørnemose (Polytrichum commune) eller vanleg bjørnemose er den største og vanlegaste bjørnemosearten i Skandinavia.
Vanleg bjørnemose | |
Vanleg bjørnemose | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Bladmosar Bryophyta |
Klasse: | Bjørnemosar Polytrichopsida |
Orden: | Bjørnemoseordenen Polytrichales |
Familie: | Bjørnemosefamilien Polytrichaceae |
Slekt: | Bjørnemoseslekta Polytrichum |
Art: | Vanleg bjørnemose P. commune |
Vitskapleg namn | |
Polytrichum commune |
Mosen veks i store, lause tuer med 10-30 cm lange ugreina stenger. Blada er 8-12 cm lange med ein glinsande nederdel som sluttar seg om stengelen. Sporekapselen sit på en 6-12 cm lang stilk, og før han er moden, har han ei lang gulbrun hette med frynser.
Vanleg bjørnemose er vanleg på myr og på fuktig og sur skogsmark. Han er nøysam.
Bruk
endreTradisjonelt har bjørnemose vorte brukt til å lage små soplimar av. Eit knippe bjørnemose kunne då verte lagt rundt eit langt skaft og surra fast med hyssing eller bjørketæger. Slike soplimar vart brukt til reingjering av hus. Mellom anna har dei vorte brukte til fjøsvask. Desse soplimane måtte haldast fuktige.
Elles kunne dei verte brukte til gryteskrubb, til å koste oske og kolstykke ut or bakaromnen når brød skulle inn , og til å gjere bakstehella rein under flatbrødbaking.
Bjørnemosen har vorte brukt til husdyrfôr. Særleg har sporekapslane vorte rekna som næringsrike. Born har og mange stader ete desse sporehusa.
Namn
endreNamnet «bjørnemose» kjem truleg av folketradisjonen om at bjørnen brukar å sanke saman denne mosen til hiet sitt.
Sjølv om dette namnet er kjend over heile Noreg, har og andre lokale namn vore vanlege:
- Hestemose, staurmose (på grunn av storleiken)
- Sopemose, ryvippmåssa (den vart brukt til soplime)
- Musåker, gaukemat, gaukekonn, kråkehavre og liknande (på grunn av sporehusa)
Kjelder
endre- Kåre Arnstein Lye Moseflora Universitetsforlaget 1974
- Høeg, Ove Arbo:Planter og tradisjon. Universietsforlaget, 1975
Bakgrunnsstoff
endre- Om bjørnemose på norsknettskole.no Arkivert 2007-03-14 ved Wayback Machine.