Idrettslaget Bjarg

(Omdirigert frå Bjarg)

Idrettslaget Bjarg er eit idrettslag som held til i Fana i Bergen. Idrettslaget vart stifta i 1947, og driv med masseidrett innan fleire greiner og har eigne avdelingar for fotball, handball, friidrett og turn. I 1987 gjekk friidrettsgruppa til klubben inn i overbygningsklubben BFG Fana.

Fotball

endre

Fotballaget spelar i 3. divisjon i Hordaland fotballkrets. Idrettsanlegget til Bjarg heiter Stavollen og består av fleire krøllgrasbanar og idrettshallen Bjarghallen. Anlegget vert nytta blant anna til turneringar innan fleire idrettsgreiner.

Laget sitt 2010-sesong enda med berre to tap på bortebane. Eit ønske om å spela attraktiv fotball på heimebane førte til knipne tap mot tre av botnlaget til avdelinga. Sesongen vert òg kjenneteikna av at trenarteamet hadde eit fokus på defensiv trygd og risikovurderingar, i likskap med at dei offensive lagdelene hadde manglande effektivitet til trass for stort teknisk repertoar. Morten Damhagen gav seg som hovudtrenar etter å ha leidd laga til ein sterk 5.-plass.

Før 2011-sesongen tok Øyvind Pedersen over som hovudtrenar. I tillegg vart det henta inn fleire forsterkninger til laget, mellom dei dei tidlegare Brann-talenta Sandrino Arena sin og Didrik Milde Thorbjørnsen. Allereie tysdag 9. august 2011 valde likevel hovudtrenar Øyvind Pedersen og IL Bjarg å avslutta arbeidsforholdet. IL Bjarg opplyste om at det var Pedersens eigen beslutning å forlata stillinga. Lars Fredriksen gjekk inn i stillinga som hovudtrenar ut sesongen, som resulterte i ein sterk 2.-plass bak Fana. I NM gjorde Bjarg òg ein solid innsats. Etter å ha slått blant andre Nest-Sotra, kom FK Haugesund på besøk på Stavollen. Hemmelaget tapte 0-3.

Lars Fredriksen heldt fram som hovudtrenar i 2012-sesongen. Etter ein svak haustsesong enda Bjarg på 8.-plass i 3. divisjon. Høgdepunktet denne sesongen var 1. mai, SK Brann kom på besøk i NM. Even Skåthun sende Bjarg i leiinga, men to mål av Erik Mjelde gjorde at rødtrøyene slapp med skrekken. Etter 2012-sesongen valde Eirik Wollen Steen å forlata Bjarg, til fordel for 2. divisjonsspel i Åsane IL.

Vårsesongen var skuffande, men etter ein sterk haustsesong enda laget på 3.-plass. Florø rykte opp. På plassen føre Bjarg enda nyopprykka Lyngbø. Etter sesongen vart det kjent at Lars Fredriksen ikkje skulle held fram som hovudtrenar. Etter mange år i Bjarg, heldt fram Fredriksen sin trenarkarriere i Adeccoliga-laga Nest-Sotra. Petter Fossmark, tidlegare Stord- og Voss-trenar, tok over som hovudtrenar.

Tabellen 2014

endre

Kjende utøvarar

endre

Bakgrunnsstoff

endre