Opna hovudmenyen

Erik Huseklepp

norsk fotballspelar

Erik Huseklepp (fødd 5. september 1984) er ein norsk fotballspelar. Han spelar for SK Brann i den norske tippeligaen.

Erik Huseklepp
Erik Huseklepp - 2010-05-09 at 22-10-36.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Erik André Huseklepp
Fødd 5. september 1984
Fødestad Bærum
Høgd 186 cm
Posisjon Midtbane (høgre, venstre), spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Haugesund FK
Ungdomsklubbar
Noreg Gneist
Noreg Bjarg
Noreg Vadmyra
Noreg Fyllingen
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004–2005
2005–2011
2011
2011–2012
2012
2012 -
Noreg Fyllingen
Noreg SK Brann
Italia Bari
Flag of England.svg Portsmouth
Flag of England.svgBirmingham (lån)
Noreg SK Brann
42 (9)
165 (35)
14 (2)
27 (6)
11 (2)
7 (1)
Landslag
2005-2006
2008-
Noreg Noreg U21
Noreg Noreg
8 (1)
29 (7)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. juli 2012
‡ Landslagsmål oppdatert 29. juli 2012

Som 16-åring vart Huseklepp vraka frå juniorlaget til Fyllingen. Difor gjekk han til Vadmyra der han imponerte såpass mykje at Fyllingen ynskte å hente han attende føre 2004-sesongen. Etter returen markerte han seg såpass for 2. divisjonsklubben at han våren 2005 var ynskt av eliteserieklubbane Brann og Odd Grenland.

Han valde Brann, og gjorde seg med ein gong bemerka etter overgangen. I sin fyrste seriekamp på Brann Stadion scora han med sitt fyrste spark på ballen etter 19 sekund mot Fredrikstad, det raskaste målet ein Brann-spelar har scora i nokon seriekamp. Han heldt fram med å vere fyrsteval på venstrekanten resten av sesongen.

Etter ein overtydande start på Brannkarrieren klarte ikkje Huseklepp å følgje opp suksessen frå 2005-sesongen. Etter at Petter Vaagan Moen vart kjøpt frå Ham-Kam før sesongen 2006 sleit Huseklepp med å få speletid, og i ettertid har det vist seg at Huseklepp sleit med forma den sesongen.

Far hans Ingvald Huseklepp vart cupmeister for Brann i 1976, medan systera Elise Huseklepp er eliteseriespelar i handball for Tertnes.

10. juli 2007 var det kjend at Huseklepp kom fram til ein muntleg avtale om ein overgang frå Bergen til Nadderud og Stabæk.[1]. Dette forutsatte derimot at Stabæk kjøpte Huseklepp fri frå kontrakten med Brann før 1. september, noko dei ikkje gjorde. Huseklepp innleia derfor nye forhandlingar med Brann etter at sesongen 2007 var over[2]. Det var mange overgangsspekulasjonar kring Huseklepp hausten 2007, som kunne gå gratis kor han ville etter kontrakten med Brann var over, og i tillegg til Stabæk var både Viking, Vålerenga og Rosenborg ute etter signaturen hans. Frå utlandet viste både Club Brugge og Manchester City si interesse. 13. november 2007 signerte derimot Huseklepp ein ny 3-årsavtale med Brann. Han var Brann sin toppskårar i Tippeligaen i 2009, med 15 seriemål.

I januar 2011 vart han selt til italienske Bari i Serie A, før han same året vart seld vidare til Portsmouth. I 2012 vart han leigd ut til Birmingham, før han vart seld til Brann att sommaren 2012.

Karriere som spelarEndra

(Sist oppdatert 4. mai 2010)

Klubb Kampar* Mål* Periode
  Fyllingen 42 12 2004-2005
  Brann 99 21 2005-

FotnotarEndra