Bjarke Sahl, tidlegare Bjarke Torben Sahl Kristensen, (fødd 9. april 1956) er ein dansk og norsk sjakkspelar. Han er Internasjonal meister i sjakk.

Bjarke Sahl
Bjarke Sahl NM Hamar 2007 (cropped).jpg
Fødd 9. april 1956
København
Yrke sjakkspelar
Bjarke Sahl på Commons

Bjarke Sahl har budd i Noreg frå 1997. Han melde i 2007 overgang frå Danmark til Noreg, vart dermed av Verdssjakkforbundet FIDE pr 1. oktober 2007 registrert som Noreg sin 20. dåverande IM.

Bjarke Sahl delte førsteplassen i den danske meisterskapen i 1981, men tapte omkampen.

Han har tre innteikningar i stormeister-tittelen, men har til no ikkje klart kravet om å oppnå ein eigen FIDE-rating på 2500[1].

Bjarke Sahl var generalsekretær i Norges Sjakkforbund og Ungdommens Sjakkforbund i åra 1998 - 2005.

Då han gifta seg med den sterke norske sjakkspelaren Sheila Barth Berntsen, no Sheila Barth Sahl, skifta dei begge etternamn til Sahl.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra