Blålusern
Blålusern (Medicago sativa) er ei fleirårig urt i erteblomsterfamilien. Det finst seks underartar.[1]
Blålusern | |
Blålusern | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Erteblomordenen Fabales |
Familie: | Erteblomfamilien Fabaceae |
Underfamilie: | Faboideae |
Stamme: | Trifolieae |
Slekt: | Medicago |
Art: | Blålusern M. sativa |
Vitskapleg namn | |
Medicago sativa |
Blålusern er også kjend under det engelske namnet alfalfa.[2] Blålusern blir dyrka i stort omfang, særleg i Nord-Amerika, på grunn av nytten som fôr til dyr. I Noreg har ein dyrka blålusern tidlegare, men i dag blir det lite dyrka. Blålusern finst derfor forvilla her og der. Dyrking av blålusern krev djup, god jord med høg pH for å trivast.
Blålusern, og dei fleste artane i erteblomsterfamilien, lever i eit symbiotisk forhold til rhizobiumbakterien som lever på rota og fikserer nitrogen frå lufta (biologisk nitrogenfiksering).
Spirer av blålusern er etande (alfalfaspirer) og har ein nøtteaktig smak.
Kjelder
endre- ↑ Blålusern Arkivert 12. juli 2022 på Wayback Machine. Den virtuella floran
- Denne artikkelen bygger på «Blålusern» frå Wikipedia på bokmål, den 19. november 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Medicago sativa hos Artsdatabanken
- (en) Medicago sativa – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Medicago sativa i Encyclopedia of Life
- (en) Medicago sativa i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Medicago sativa hos Dyntaxa
- (en) Medicago sativa hos ITIS
- (en) Medicago sativa hos NCBI
- (en) Medicago sativa hos The International Plant Names Index
- (en) Medicago sativa hos Tropicos
- (en) Kategori:Medicago sativa – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Medicago sativa – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons