Opna hovudmenyen

Koordinatar: 59°54′46.019″N 9°53′15.007″E

Glashytta ved Værket. Her blei kobolt blanda med pottaske og smelta saman til glas.
Sindre Skrede (2005)

Blaafarveværket (eigentleg Det Kongelige Modumske Blaafarveværk, seinare Modums Blaafarveværk) er ei tidlegare norsk gruve ved Åmot i Modum kommune i Buskerud. Verket var i drift i perioden 1773-1893, og var Noregs største industriverksemd i fyrste halvdel av 1800-talet. Av koboltmalm frå gruvene i området blei det lagd koboltblått, som blei nytta i papir-, porselens- og glasindustrien.

Det norske Blaafarveværket blei grunnlagt av den dansk-norske kongen i 1770-åra og dekte på det meste 80 % av verdsmarknaden for blåfarge. Alt i 1788 eksporterte verket blåfarge til Kina og Japan.

Blaafarveværket er no eit museum eigd av ei stifting, Stiftelsen Modums Blaafarveværk, som vart skipa i 1971. Museet vart konsolidert i samsvar med museumsreforma i 2004, og dette gav museet eit formalisert grunnlag for vidare satsing. Museet byggjer i dag verksemda si på å forvalte og vidareformidle industrisoga knytt til utvinning av kobolt (80% av verdsproduksjonen) i det som har vore dåtidas største norske industriverksemd.

Museet Blaafarveværket skipar dessutan til årlege kunstutstillingar i sommarsesongen.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Blaafarveværket