Blaafarveværket
59°54′46.019″N 9°53′15.007″E / 59.91278306°N 9.88750194°E
Blaafarveværket (eigentleg Det Kongelige Modumske Blaafarveværk, seinare Modums Blaafarveværk) er ei tidlegare norsk gruve ved Åmot i Modum kommune i Buskerud. Verket var i drift i perioden 1773-1893, og var Noregs største industriverksemd i fyrste halvdel av 1800-talet. Av koboltmalm frå gruvene i området blei det lagd koboltblått, som blei nytta i papir-, porselens- og glasindustrien.
Det norske Blaafarveværket blei grunnlagt av den dansk-norske kongen i 1770-åra og dekte på det meste 80 % av verdsmarknaden for blåfarge. Alt i 1788 eksporterte verket blåfarge til Kina og Japan.
Blaafarveværket er no eit museum eigd av ei stifting, Stiftelsen Modums Blaafarveværk, som vart skipa i 1971. Museet vart konsolidert i samsvar med museumsreforma i 2004, og dette gav museet eit formalisert grunnlag for vidare satsing. Museet byggjer i dag verksemda si på å forvalte og vidareformidle industrisoga knytt til utvinning av kobolt (80% av verdsproduksjonen) i det som har vore dåtidas største norske industriverksemd.
Museet Blaafarveværket skipar dessutan til årlege kunstutstillingar i sommarsesongen.
Bakgrunnsstoff
endre- Blaafarveværket
- Kunstutstillingar på Blaafarveværket Arkivert 2017-07-24 ved Wayback Machine.
- Historien om mineralfunnet
- Blaafarveværket i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren