Bladsongarfamilien
familie av sporvefuglar
Bladsongarfamilien, Phylloscopidae, er ein nyleg skildra biologisk familie av små insektetande sporvefuglar tidlegare plassert i songarfamilien, Sylviidae. Medlemmene finst i Eurasia, i Afrika og lappsongar hekkar aust i Alaska. Dei fleste lever i skog og kratt og fangar ofte føda i flukt.
Bladsongarfamilien | |
Austsongar, Phylloscopus trochiloides | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Passeri |
Familie: | Bladsongarfamilien Phylloscopidae F. Boie, 1826 |
Artane har ofte fjørdrakt som er grønleg over med gult på undersida, eller meir avdempa med grågrøne til gråbrune farger. Fargene varierande lite med årstidene eller ikkje i det heile. Halane er ikkje veldige lange, og inneheld 12 fjører.
Frå 2019 er alle 77 artane i familien plasserte inn i den eine slekta Phylloscopus, etter eBird/Clements Checklist v2019[1] Før 2019 gjorde 11 artar ut for eit eiget takson på slektsnivå, med namnet Seicercus.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Phylloscopidae» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2010
- ↑ Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 14. september 2020