Passeri

Passeri
Fossekall er ein representant for Passeri
Fossekall er ein representant for Passeri
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Linné, 1758

Passeri er ein underorden av sporvefuglar i den biologiske ordenen Passeriformes. Eit anna namn som nokre gonger er brukt er Oscines, frå latinsk oscen, ein songfugl. Denne gruppa inneheld omtrent 4000 artar, syrinx er typisk utvikla for å lage ein variert og forseggjort fuglesong.

Ein trur Passeri utvikla seg frå omtrent 50 millionar år sidan i den delen av Gondwana som seinare vart Australia, New Zealand, Ny-Guinea og Antarktis, før dei spreidde seg rundt om i verda.

Andre fuglar har songar til å tiltrekke makar eller halde territorium, men desse er vanlegvis enkle og repeterande, og manglar variasjonen slik som mange Oscine songarar kan gjere.

Det er usemje om vidare gruppering av taksa innanfor Passeri.

FamilieoversynEndra

Familienamn og vitskapleg namn i rekkjefølgja etter EBird/Clements Checklist v2019[1] Grunngjevinga for revisjon av familielista og andre endringar er gjeve på nettstaden for Clementslista.[2]





KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 15. september 2019 
  2. Clements, J. F. et al. Clements Checklist Latest updates Lest 3. november 2013

BakgrunnsstoffEndra