George S. Robertson
George Stuart Robertson (fødd 25. mai 1872 i London, død 29. januar 1967 i London) var ein britisk friidrettsutøvar og tennisspelar.
George S. Robertson | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 25. mai 1872 London |
Død | 29. januar 1967 (94 år) London |
Idrett | tennis, friidrett |
Tok del i | Tennis under Sommer-OL 1896 – Double menn |
Utmerkingar | Knight Bachelor |
Medaljeoversikt | ||
---|---|---|
Tevla for eit blanda lag | ||
Tennis | ||
Bronse | Sommar-OL 1896 | Dobbel |
Robertson vart utdanna ved New College[1] i Oxford, der han hadde vunne Gaisford Prize for greske vers i 1894 og Oxford Blue for hammarkast.
Sommar-OL 1896
endreHan betalte elleve pund for å reise til Aten for å delta i sommar-OL 1896. Sidan hammarkasting ikkje var ei olympisk grein prøvde han kulestøyt og diskos i staden for.[2]
I diskos enda han på fjerdeplass med eit kast på 25,20 meter. Dette er det svakaste resultatet i diskos under OL nokon gong.[2] I tennis singel vart Robertson slått ut i fyrste runde. I tennis dobbel samarbeida han med australske Edwin Flack. Dei vann bronse for blanda lag.[3] Robertson hadde forfatta ein ode på gamalgresk som han deklamerte under avslutningsseremonien.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen George S. Robertson frå Engelsk Wikipedia .
Fotnotar
endre- ↑ University of Oxford: Oxonian Olympians, arkivert frå originalen 20. september 2012, henta 21. august 2012
- ↑ 2,0 2,1 2,2 The Independent on Sunday: Olympian odes: I say, what rhymes with Discoboloi?
- ↑ Databaseolympics: George S. Robertson profile