Blind Lemon Jefferson

«Blind» Lemon Jefferson (24. september 189319. desember 1929) var ein amerikansk bluessongar og -gitarist. Han er ein av dei viktigaste skikkelsane i blueshistoria, og den første mannlege bluessongaren med kommersiell suksess på 1920-talet. Saman med Texas Alexander blir han rekna som grunnleggaren av varianten av country blues kalla Texas-blues. I 1980 blei Jefferson vald inn i Blues Hall of Fame posthumt.[1]

Blind Lemon Jefferson

Fødd24. september 1893
FødestadCoutchman
Død19. desember 1929 (36 år)
DødsstadChicago
FødenamnLemon Henry Jefferson
AliasBlind Lemon Jefferson
OpphavUSA
Aktiv1900–1929, 1929
Sjangerblues
Instrumentvokal, gitar
PlateselskapParamount
Verka somgitarist, songar-låtskrivar, gateartist, songar, plateartist

Før Blind Lemon Jefferson hadde bluessongarane som nådde ut til eit større publikum vore kvinner, som Ida Cox og Bessie Smith. Desse hadde eit repertoar som var skrive av andre, og dei var akkompagnerte av band. Jefferson innleidde tradisjonen med bluessongaren som soloartist som akkompagnerte seg sjølv, og som song eigekomponert materiale ved sida av det velkjente standardrepertoaret. Blant Jefferson ines eigne songar er «Matchbox Blues», «See That My Grave Is Kept Clean» og «Black Snake Moan» dei mest kjende. I alt spelte han inn meir enn hundre songar i løpet av få år, og påverka ikkje berre andre tidlege bluesmenn som Leadbelly og Lightnin' Hopkins, men også seinare generasjonar av musikarar innan blues og populærmusikk.

Liv og virke endre

Lemon Jefferson var fødd på ein gard i Couchman utanfor Wortham i Texas, som eit av sju søsken. Fødselsåret var lenge sett på som 1897, men nyare gransking av folketeljingslistene har funne at han var fødd så tidleg som i 1893. Han var blind frå fødselen.

Kring 1912 byrja han å synga og spela gitar på lokale festar og tilstellingar. Blant dei musikalske inspirasjonskjeldene hans var ikkje berre musikken blant dei svarte bomullsplukkarane i området, men også gitarspelande meksikanske jordbruksarbeidarar. Dei ulike impulsane gjorde at han utvikla ein unik stil med kompleks frasering og raske løp. I løpet av eit par år byrja han å ta spelejobbar i Groesbeck, Buffalo, Waco og andre nærliggande byar, og frå omkring 1915 òg Dallas. Frå 1917 var han busett i Dallas. Her møtte han den noko eldre Leadbelly, som var mektig imponert over Jeffersons spel, og seinare laga songar tileigna han, mellom anna «Blind Lemon's Blues». Dei to spelte òg saman i ein kort periode, fram til det fyrste fengselsopphaldet til Leadbelly.

Før 1920 førte spelinga Jefferson til andre statar langs Mississippi. I 1925 blei han oppdaga av ein talentspeidar for plateselskapet Paramount Records, og dei første opptaka blei gjort i Chicago ved årsskiftet 1925/26. Her spelte han inn to gospelsongar, «I Want to Be Like Jesus in My Heart» og «All I Want Is That Pure Religion». Plata blei gjeven ut under pseudonymet Deacon L.J. Bates. Seinare same år byrja Jefferson å gje ut blues under eige namn, men han gjorde òg seinare i karrieren innspelingar under pseudonyma Deacon L.J. Bates og Elder J.C. Brown. Dei fleste av dei ca. 100 innspelingane hans blei gjort for selskapet Paramount. Platene fekk nesten med ein gong stor utbeiing; overraskande nok, sidan Jefferson hadde ein typisk ikkje-kommersiell stil med ei høg, klagande røyst og komplekst gitarspel.

Livet og karrieren til Blind Lemon Jefferson fekk ein brå og tragisk ende. I slutten av desember 1929 blei han funnen ihelfrosen i snøen på gata i Chicago. Det har gått mange historier om korleis han døydde – han skal ha gått seg bort på veg heim frå eit selskap, han skal ha blitt forlaten av sjåføren sin, han skal ha blitt drepen i ei bilulykke eller hatt eit hjarteslag. Det finst ikkje nokon dødsattest, og Jefferson sin død vil bli verande uoppklara.

Kjelder endre

  1. Innvalgte i Blues Hall of Fame 1980 Arkivert 2012-07-17 ved Wayback Machine. (besøkt 27. august 2012)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Blind Lemon Jefferson
 

Originaltekst av Blind Lemon Jefferson ved Wikisource.