Bo Gunnar Widerberg (fødd 8. juni 1930 i Malmö, død 1. mai 1997) var ein svensk skodespelar, filmregissør og forfattar. Han vart nominert til Oscar tre gonger.

Bo Widerberg

Statsborgarskap Sverige
Fødd 8. juni 1930
Malmö
Død

1. mai 1997 (66 år)
Båstad

Yrke filmregissør, manusforfattar, filmklyppar, skribent, skodespelar, regissør, filmfotograf
Språk svensk
Far Arvid Widerberg
Bo Widerberg på Commons

Biografi endre

Bo byrja karrieren sin som forfattar og har utgjeve meir enn sju bøker, der den første, Høsttermin, utkom i 1952. Den siste boka, Den gröna draken, vart filmatisert i 1966 av Widerberg sjølv.

På 60-talet byrja han å jobbe som filmkritikar og samstundes skreiv han ei rekkje artiklar som kritiserte svensk film. Han etterlyste blant anna ein meir progressiv forteljarstil i svensk film og i 1962 skreiv han debattboka Visionen i svensk film. Særleg kritisk var han til Ingmar Bergman sin status og posisjon i svensk film og meinte filmane og historiene hans var for oppkonstruerte og stive.

I 1963 debuterte han sjølv med langfilmen Barnvagnen med Thommy Berggren i hovudrolla og med musikk av Jan Johansson. Filmen vart hylla som ein av dei første svenske filmane til å portrettere stresset og pressa av å leve i eit moderne byliv. Same år utkom Kvarteret Korpen som vart særs godt teke imot av publikum og kritikarar.

Widerberg var kontroversiell og modig både som filmskapar og person og var òg eit av Stefan Jarl sitt store førebilete. Dei var begge samde i det faktumet at film skulle vere eit resultat av ein slags sosial rapport og engasjement. Widerberg påstod at han sjølv lærde å lage film ved sjølv å sjå film og nøye analysere kvar scene frå byrjing til slutt. Bo Widerberg døydde av magekreft i Båstad i 1997.

Sonen Johan Widerberg er òg skodespelar.

Filmografi endre

Bibliografi endre

  • 1952: Hösttermin (roman)
  • 1952: Kyssas (noveller)
  • 1954: På botten av himlen
  • 1955: Kejsaren av Capri (noveller)
  • 1957: Erotikon (roman)
  • 1959: Den gröna draken (roman)
  • 1962: Visionen i svensk film (essaysamling)

Nominasjonar og prisar endre

  • 1996 – Sølvbjørnen i Berlin for Lust och fägring stor
  • 1971 – Juryeprisen i Cannes for Joe Hill
  • 1969 – Grand Prize of the jury for Ådalen 31

Bakgrunnsstoff endre