Bocca
Bocca er ein sjokolade som Nidar AS lagar og distribuerer.
Produktet vart introdusert i 2002. Namnet Bocca kjem frå det italienske ordet «bócca», som tyder munn, smak eller munnfull.
Bocca inneheld 70% kakao og er tilsett vanilje for å gje ein avrunda smak. Sjokoladen er ikkje tilsett mjølk, og har ei lågare sukkermengd enn alminneleg mjølkesjokolade.
Bocca-variantar
endreI dag finn ein Bocca i tre ymse variantar.
- «Bocca»-sjokoladeplate (36 gram)
- «Bocca»-sjokoladeplate (55 gram)
- «Bocca Perfekt til kaffen»
«Bocca Perfekt til kaffen» er ein pose med tre ymse smakar mørk sjokolade; vanleg Bocca, Bocca med mandelkrokan og mokkabønner.
Kjelder
endre- Produktsida for «Bocca» Arkivert 2015-05-31 ved Wayback Machine.