Opna hovudmenyen

Bodo Illgner (fødd 7. april 1967) er ein tysk tidlegare fotballspelar, fødd i Koblenz. Han vart verdsmeister med Vest-Tyskland i 1990 og fekk EM-sølv 1992 med Tyskland. I 1998 vakta han målet til Real Madrid då klubben vann Meisterligaen 1998.

Bodo Illgner
Bodo Illgner.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Bodo Illgner
Fødselsdato 7. april 1967 (52 år)
Fødestad Koblenz i Vest-Tyskland
Høgd 191 cm
Posisjon Målvakt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1986-1996 Köln 326 (0)
1996-2001 Real Madrid 91 (0)
Totalt 417 (0)
Landslag
1987-1994 Tyskland 54 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Illgner seriedebuterte på FC Köln i januar 1986 og var fyrstekeeper for laget frå 1987/88-sesongen. I hans tid som målvakt vart Köln nummer to i Bundesliga 1989 og 1990, og i 1991 tapte laget den nasjonale cupfinalen mot Werder Bremen etter straffesparktevling. I august 1996 vart Illgner overført til den spanske storklubben Real Madrid. Der var han fast fyrstekeeper fram til hausten 1999, då Iker Casillas erobra målvaktsplassen. Illgner la opp i 2001, etter to år på innbytarbenken.

Illgner landslagsdebuterte i september 1987, og var med i EM-troppen i 1988. Frå 1989 var han det opplagde fyrstevalet i mål for den vesttyske landslagssjefen. 23-år gammal opplevde Illgner høgdepunktet på fotballbana då Vest-Tyskland vann finalen i verdsmeisterskapen 1990 med 1-0 over Argentina. Dermed vart Illgner den fyrste målvakta som heldt buret reint i ein VM-finale. Han vakta også målet då Tyskland tapte 0-2 mot Danmark i finalen under fotball-EM 1992 i Sverige. I 1994 var Illgner tysk landslagsmålvakt i sitt tredje rake meisterskap, VM i fotball 1994 i USA. Han drog av seg den tyske landslagstrøya for siste gong etter det vart tap mot Bulgaria i kvartfinalen. Illgner fekk i alt 54 landskampar frå 1987 til 1994.

MerittarEndra

  • Verdsmeister: 1990 med Vest-Tyskland
  • EM-sølv: 1992 med Tyskland
  • Meisterligavinnar: 1998 med Real Madrid
  • Spansk serievinnar: 1997 med Real Madrid
  • Finalist i den vesttyske cupen: 1991 med FC Köln

KjelderEndra