Opna hovudmenyen
Lagoppstillingane i Meisterligafinalen 1998 - Real Madrid i kvitt

Meisterligaen 1998 var den 6. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den spanske klubben Real Madrid vann turneringa den 20. mai 1998 på Amsterdam Arena ved å vinne 1-0 over italienske Juventus. Det einaste målet i kampen vart sett inn i det 67. minutt av Predrag Mijatović.

Triumfen var den fyrste for Real Madrid i Meisterligaen, 32 år etter den siste sigeren i Europacupen.

LagoppstillinganeEndra

Real Madrid: Bodo Illgner, Christian Panucci, Manolo Sanchís, Fernando Hierro, Roberto Carlos, Fernando Redondo, Christian Karembeu, Clarence Seedorf, Raúl González, Fernando Morientes og Predrag Mijatović. På tampen av kampen kom Jaime Sánchez inn for Morientes, og i sluttminuttane Davor Šuker og José Emilio Amavisca.

Juventus: Angelo Peruzzi, Moreno Torricelli, Mark Iuliano, Paolo Montero, Angelo Di Livio, Didier Deschamps, Edgar Davids, Gianluca Pessotto, Zinédine Zidane, Filippo Inzaghi og Alessandro Del Piero. Alessio Tacchinardi spelte 2. omgang i staden for Di Livio, Daniel Fonseca og Antonio Conte kom inn etter 71. og 78. minuttar, ut gjekk Pessotto og Deschamps.

Tyske Hellmut Krug dømde finalekampen som vart sett av 50 000 tilskodarar.

KjelderEndra